2.2. Nytt bilete

Ved hjelp av dialogen Nytt bilete kan du lage eit nytt, tomt bilete. Samstundes kan du bestemma ein del av eigenskapane biletet skal ha. Biletet blir opna i eit nytt biletvindauge. Du kan ha fleire bilete på skjermen samstundes.

2.2.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette innslaget på biletmenyen via FilNytt bilete.

  • eller med snarvegen Ctrl+N.

2.2.2. Grunninnstillingane

Figur 15.4. Dialogvindauget for «Nytt bilete»

Dialogvindauget for «Nytt bilete»

Mal

Figur 15.5. Nedtrekkslista med definerte malar

Nedtrekkslista med definerte malar

I staden for å skrive inn alle verdiane sjølv, kan du velje ein av dei førehandsdefinerte malane frå lista. Kvar mal inneheld innstillingar for storleik, oppløysing osv. for eit bestemt biletformat. Dersom du ofte bruker eit biletformat som ikkje står på denne lista, kan du lage ein ny mal ved å bruke maldialogen.

Biletstorleik

Her bestemmer du Breidde og Høgde på det nye biletet. Til vanleg blir dette målt i pikslar, men du kan endre dette etter eige ønskje ved hjelp av nedtrekkslista. Dersom du bytter måleeining, ver klar over at dette påverkar X- og Y-oppløysinga (som du kan justera i Avanserte innstillingar). Eventuelt kan du kontrollera resultatet med visninga «Punkt for punkt» i menyen Vis.

Dersom det ikkje er noen opne bilete, vil det nye biletet bli opna i det tomme biletvindauget med den storleiken du har bestemt i Rediger/Brukarinnstillingar/Normalbiletet. Dersom du opnar det nye biletet medan det er eller har vore eit anna bilete opna, vil det nye biletet bli opna i eit nytt vindauge med same storleik som det første biletet.

[Notat] Notat

Du bør kanskje også ha i mente at kvar einaste piksel blir lagra i minnet til datamaskinen. Oppretter du store bilete med mange pikslar, vil dette føre til at GIMP bruker mykje minne og lang tid på kvar einaste forandring du gjer på biletet.

Knappane Ståande og liggande

Desse to knappane skifter visinga mellom ståande og liggjande vising. Dette blir gjort ved å bytte rundt verdiane for breidde og høgde. Er desse verdiane like, vil knappane vere deaktiverte. Dersom du opererer med ulike X- og Y-oppløysingar, som du kan setje i avanserte innstillingar, vil også verdiane for desse bytte plass. Til høgre for desse knappane finn du opplysningar om biletstorleik, oppløysing og kva fargemodell som er brukt.

2.2.3. Avanserte innstillingar

Figur 15.6. Nytt bilete (Avanserte innstillingar)

Nytt bilete (Avanserte innstillingar)

Du får fram Avanserte innstillingar ved å klikke på plussmerket framføre teksten «Avanserte innstillingar» eit stykke nede i dialogvindauget.

X- og Y-oppløysing

Desse verdiane blir bare brukte når biletet skal skrivast ut. Normalt blir ikkje storleiken på skjermen påverka av desse verdiane. X- og Y-oppløysinga kan likevel påverka korleis pikslane skal overførast til andre måleeiningar som td. millimeter, dersom du bruker slike.

[Tips] Tips

Ønskjer du å vise biletet på skjermen med korrekte dimensjonar vel du VisPunkt for punkt. Sett zoomfaktoren til 100% for å vise biletet i sann skjermstorleik. Normalt blir skjermen kalibrert når du installerer GIMP, men det kan også gjerast frå dialogen innstillingar.

Fargemodus

Du kan opprette det nye biletet i ulike fargemodellar, anten som RGB eller i gråskala.

RGB-farge

Biletet blir laga med eit fargesystem sett saman av Raud, Grøn og Blå. Det er dette fargesystemet som blir brukt av dataskjermen, eller TV-skjermen for den saks skuld.

Gråskala

Biletet blir laga i svart og kvit med mellomliggjande gråtoner. I tillegg til dei reint artisiske interessene dine, kan formatet også vere nødvendig for ein del programtillegg. Du kan alltid omforma eit RGB-bilete til gråskala-bilete om nødvendig.

Det er ikkje råd å lage eit indeksert bilete frå denne menyen. Sjølvsagt kan du likevel indeksere eit bilete, etter at du har laga det, med kommandoen BileteModusIndeksert.

Fyll

Her bestemmer du kva bakgrunnsfarge biletet skal ha. Om du er usikker, kan du bare velje eit eller anna. Det er fullt mogleg å bytte bakgrunnsfarge seinare. Du finn meir informasjon om dette i Del 2.1, «Lagdialogen».

Det er fleire val:

  • Fyll biletet med gjeldande forgrunnsfarge synt i verktøykassa.

    Du kan ikkje forandre forgrunnsfargen når dialogvindauget «Nytt bilete» er ope.

  • Fyll biletet med gjeldande Bakgrunnsfarge synt i verktøykassa. Du kan også forandre bakgrunnsfargen når dialogvindauget er ope.

  • Fyll biletet med Kvit.

  • Fyll Gjennomsiktig. Vel du denne, vil biletet bli laga med alfakanal og gjennomsiktig bakgrunn. Dei gjennomsiktige delene av biletet blir markerte med eit sjakkbrettmønster for å indikere gjennomsikt.

Kommentar

Her kan du skrive inn ein merknad til biletet. Teksten blir lagt til i biletet som såkalla parasitt og kan også lagrast i noen av filformata som t.d. PNG, JPEG og GIF.

[Notat] Notat

Du kan lese den lagra kommentaren ved å opna vindauget for bileteigenskapar.