2.16. Avslutt

Trykker du på kommandoen Avslutt, vil GIMP lukke alle opne vindauge og slutte av. Dersom det finst opne bilete det er gjort endringar i utan lagring, dvs. at dei ikkje er merka som «reine», vil GIMP gjere deg merksam på dette ved å vise ei liste over ulagra bilete. Du kan såleis velje kva bilete du ønskjer å lagra, eller rett og slett avbryta avsluttinga. Dersom du har svært mange ulagra bilete, eller du bruker mykje RAM, kan det ta litt tid før kommandoen blir utført.

2.16.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette innslaget på biletmenyen via FilAvslutt

  • eller med snarvegen Ctrl+Q. (Engelsk: Quit).

  • I dei fleste operativsystema kan du også lukke biletet ved å klikke på ein «lukk»-knapp ein eller annan staden i tittellinja for biletet. Plasseringa av ein slik knapp blir bestemt av operativsystemet (OS) og korleis dette er sett opp.

    [Notat] Notat

    Knappen «Lukk» i øvre, høgre hjørnet av verktøykassa gjer det same.