2.10. Lagra ein kopi

Kommandoen Lagra ein kopi gjer det same som kommandoen Lagra, men med ein viktig skilnad: Du blir alltid bede om å skrive inn eit filnamn. Namnet på det aktive biletet blir ikkje forandra, og biletet blir heller ikkje merka som «reint». Prøver du å lukke biletet eller avslutte GIMP, får du spørsmål om å lagra biletet først.

Denne kommandoen blir mest brukt for å lagra ein kopi av eit bilete før du byrjar å gjere forandringar på det. Skulle alt gå gale, har du kopien å falle tilbake på.

2.10.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette innslaget på biletmenyen via FilLagra ein kopi. Det finst ingen tastesnarveg til denne.