12.3. Menyhjelp

Kommandoen Menyhjelp omformar musemarkøren til eit spørsmålsteikn («?») for å minne deg om at dersom du klikkar på eit vindauge, ein dialog eller ein meny, vil GIMP vise hjelp om det emnet du har klikka på dersom slik hjelp er tilgjengeleg. Du kan oppnå det same ved å trykka på tasten F1 medan du held musemarkøren over det du ønskjer hjelp om.

12.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via HjelpMenyhjelp

  • eller via tastesnarvegen Shift+F1.