6.12. Tilpass lerret til lag

Denne kommandoen gjer at lerretet, teikneområdet, får same breidde og høgde som det største biletlaget.

Når eit bilete blir laga eller opna, vil lerretet ha same format som biletet og blir ikkje forandra om du legg til nye lag. Dersom du legg til eit lag som er større enn lerretet, vil bare den delen av laget som er innføre lerretet vere synleg. Bruk denne kommandoen for å vise heile laget.

6.12.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteTilpass lerret til lag.