7.39. Trekk frå utvalet

Kommandoen Trekk frå utvalet lagar eit utval frå pikslane i det aktive laget ut frå kor gjennomsiktige dei er. Ugjennomsiktige område blir fullstendig markerte, gjennomsiktige område blir fullstendig umarkerte, medan delvis gjennomsiktige område blir delvis markerte. Det nye utvalet blir trekt frå det eksisterande utvalet. Alfakanalen blir ikkje forandra.

7.39.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktTrekk frå utvalet

7.39.2. Eksempel

Figur 15.105. Bruk av «Trekk frå utvalet»

Bruk av «Trekk frå utvalet»
Bruk av «Trekk frå utvalet»

Det eksisterande rektangulære utvalet er erstatta med ugjennomsiktige pikslar frå det aktive laget.