7.29. Trekk frå utvalet

Kommandoen Trekk frå utvalet omformar lagmaska i det aktive laget til eit utval som deretter blir trekt i frå det utvalet som finst frå før i laget. Kvite område i lagmaska blir til utvalde område og svarte område blir til ikkje utvalde område. Grå område blir til delvis utvalde område. Sjølve lagmaska blir ikkje forandra.

7.29.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskeTrekk frå utvalet

7.29.2. Eksempel på bruk av «Trekk frå utvalet»

Figur 15.98. Eksempel på bruk av «Trekk frå utvalet»

Eksempel på bruk av «Trekk frå utvalet»

Til venstre ser du originalbiletet med eit utval. I midten lagdialogen med ei lagmaske oppretta med initieringskommandoen «Alfakanalen til laget», og til høgre etter bruk av kommandoen «Trekk frå utvalet».