3.3. Dialogen for mønsterelement

I GIMP er eit mønsterelement eit lite bilete som blir brukt for å fylle ut område ved at kopiar av biletet blir lagt side om side. Du finn meir om dette, og om korleis du kan lage eigne mønsterelement, i avsnittet mønsterelement.

Mønsterelementa blir brukte med verktøya fyll og klone og i kommandoen fyll med mønsterelement.

Du vel mønsterelement ved å gå inn på dialogen for mønsterelementa og klikke på det elementet du ønskjer. Det valde mønsteret blir vist i verktøykassa i området Penslar/Mønsterelement/Fargeovergangar. Det følgjer med eit nokså tilfeldig utval av mønsterelement når du installerer GIMP, men det er heldigvis lett å lage nye.

3.3.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå verktøykassa ved å klikka på ruta med mønsterelement.

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeMønsterelement.

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneMønsterelement

  • I innstillingane for kloneverktøyet og fyllverktøyet kjem det fram eit liknande dialogvindauge når du trykker på miniatyren som viser mønsterelementet. Her kan du velje mønsterelement frå ei liste. Du kan få fram den fullstendige mønsterdialogen ved å trykke på fyllsymbolet nedst til høgre i dialogvindauget. Avhengig av brukarinnstillingane du har gjort, vil eit mønsterelement vald med oppsprettmenyen bare gjelde for det aktive verktøyet, ikkje for dei andre teikneverktøya. Sjå meir om dette i Del 1.6, «Verktøyinnstillingane».

3.3.2. Å bruke dialogen

Rutenett/Liste-modus

I fanemenyen har du valet mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellmodus blir mønstra viste i ein todimensjonal tabell. Sidan du kan sjå forma på fleire mønsterelement samstundes, er det lett å velje det du har bruk for. I listemodus blir mønsterelementa sett opp i ei liste som også viser namnet på mønsterelementa.

[Tips] Tips

I dialogvindauget blir alle mønsterelementa viste i same storleik. Dersom mønsterelementet er større enn denne ramma, vil bare ein del av elementet bli vist. Dette gjeld både i listemodus og i tabellmodus. Ønskjer du å sjå elementet i full målestokk, klikkar du på det og held nede museknappen ei lita stund.

[Notat] Notat

I fanemenyen kan du finne kommandoen Storleik på førehandsvisinga som gir deg høve til å velje mellom ulike visingsformat.

Figur 14.37. Dialogen for mønsterelementa

Dialogen for mønsterelementa

Listeform

Dialogen for mønsterelementa

Tabellform


Å bruke dialogen (tabellform)

Øvst i dialogvindauget finn du namnet på det aktive mønsterelementet og storleiken målt i pikslar.

I midten finn du eit oversyn over alle tilgjengelege mønsterelement med det aktive elementet utheva. Klikkar du på eit av dei andre elementa, blir dette det aktive, noe som blir vist ved at det dukkar opp i verktøykassa.

Å bruke dialogen (listeform)

I denne visinga blir mønsterelementa viste som ei liste saman med namn og format på kvart element. Også her kan du klikke på eit element for å gjere det til det aktive.

Dersom du dobbelklikker på eit mønsternamn, får du høve til å skrive inn eit nytt namn. Dette er likevel avgrensa til å gjelde mønster du sjølv har laga eller lagt inn. Dei som følgjer med GIMP kan du ikkje gjere noe med. Rett nok kan du tilsynelatande endra namnet, men så fort du trykker Enter, vil det gamle namnet vere det einaste som er i bruk.

Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkefil. Sjå Vis som liste/tabell

Alt i listemodus verkar elles slik det gjer det i tabellmodus.

Fjern mønsterelement

Trykker du på denne knappen, vil mønsterelementet bli fjerna både frå dialogen og frå den personlege patterns-mappa di. Merk at du kan fjerne bare dei mønsterelementa som ligg i filer du har skrivetilgang til. Du kan såleis ikkje fjerne mønsterelement som blei installerte saman med GIMP eller er installerte i systemmappa patterns.

Oppdater mønsterelementa

Trykk på denne knappen for å la GIMP leite gjennom mønsterfilene for å legge eventuelle nye mønsterelement til lista. Dette er enklare enn å starte GIMP på nytt for å laste inn nye mønsterelement du måtte ha lagt til i mappa.

Opne mønsterelement som bilete

Klikk på denne knappen for å opna det gjeldande mønsterelementet i eit nytt biletvindauge slik at du kan redigera det. Diverre kan du (førebels) normalt ikkje lagra resultatet som «.pat»-fil, sjølv om du gir det nytt namn. Du får meldinga «Denied permission» (ikkje tilgang) fordi desse biletfilene er i «root». Sidan Windows på dette området er meir open, kan du derimot lagra dersom du bruker denne plattforma.

3.3.3. Menyen for mønsterelement

Du får opp denne menyen ved å klikke i dialogvindauget for mønsterelementa. Kommandoane er omtalte for knappane, untatt for Kopier adresse som gjer at du kan kopiera adressa inn i utklippstavla.

3.3.4. Mønster på utklippstavla

Når du bruker kommandoane kopier eller klipp ut, blir det lagt inn ein kopi av biletmønsteret i øvre, venstre hjørne i dialogvindauget for mønster. Denne blir ståande til du bruker kopier- eller klipp ut-kommandoen igjen. Biletet forsvinn når du lukker GIMP.

Figur 14.38. Eit nytt «tavlemønster» på utklippstavla

Eit nytt «tavlemønster» på utklippstavla

[Notat] Notat

Mønsteret kan lagrast med kommandoen RedigerLim inn somNytt mønsterelement når det er synleg i dialogvindauget.