3.4. Blandeverktøyet

Figur 13.55. Symbolet for «blandeverktøyet» i verktøykassa

Symbolet for «blandeverktøyet» i verktøykassa

I normalstillinga fyller dette verktøyet eit område med ein fargeovergang (også kalla «gradient») som byrjar med gjeldande forgrunnsfarge og går gradvis over til gjeldande bakgrunnsfarge, men du kan også velje andre innstillingar. For å legge inn ein overgang, drar du musemarkøren i den retninga du ønskjer blandinga skal gå og slepp museknappen når du meiner det er høveleg å slutta. Dess kortare distanse for blandinga, dess hardare blir overgangen.

Ved første augnekast kan dette verktøyet synast heilt overveldande, men les dette kapitlet og prøv deg fram med ulike innstillingar og du vil finne at det eigentleg er nokså enkelt. Dei to viktigaste innstillingane er Fargeovergang og Form. Klikkar du på overgangsvindauget vil det koma fram ei utval av ulike fargeovergangar som du kan velje mellom. Du kan også lage dine eigne overgangar. Du kan finne meir om fargeovergangar i Del 10, «Fargeovergangar» og Del 3.4, «Dialogen for fargeovergangar».

Du har 11 ulike former å velje mellom: Lineær, bilineær, radial, firkanta, konisk (symmetrisk), konisk (usymmetrisk), formfyll (vinkla), formfyll (sfærisk), formfyll (krusa), spiral (med klokka) og endeleg spiral (mot klokka). Av desse er kanskje formene «formfyll» dei mest interessante. Desse vil følgje kantane til det markerte området, same kor intrikate dei måtte vere. I motsetnad til dei andre formene, der fargeovergangane er avhengige av kvar du klikkar og kor langt og i kva retning du drar markøren, er formfyll uavhengig av desse. Du kan klikka og dra kvar som helst på markeringa for å starta prosessen.

[Tips] Tips

Prøv valet «differanse» i modusmenyen. Sjølv med full dekkevne vil du kunne oppnå fantastiske resultat, ulike for kvart forsøk.

3.4.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten frå

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaBland,

  • ved å klikke på verktøysymbolet

  • eller med tastesnarvegen L.

3.4.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Ctrl-tasten blir brukt til å lage rette linjer avgrensa til 15º absolutt vinkel.

3.4.3. Innstillingar

Figur 13.56. Innstillingane for «blandeverktøyet»

Innstillingane for «blandeverktøyet»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Modus, dekkevne
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Fargeovergang

Du kan her henta fram og velje mellom mange ulike fargeovergangar i nedtrekkslista. Verktøyet lager eit skyggemønster som går frå forgrunnsfargen til bakgrunnsfargen, eller andre fargar, i den retninga brukaren bestemmer ved å teikne ei linje på biletet i ønskt retning. Krysser du av for Revers (), vil fargane bli omsnudd t.d. slik at forgrunns- og bakgrunnsfargane bytter plass.

Forskyving

Denne skyvebrytaren bestemmer kor «bratt» fargeovergangen mellom to fargar skal vere. Talet på brytaren bestemmer kor langt frå klikkpunktet fargeovergangen skal byrja.

Figur 13.57. Eksempel på forskyving

Eksempel på forskyving

Øvst: forskyving = 0 ; Nedst: forskyving = 50%


Form

I GIMP har du 11 ulike former for fargeovergangar å velje mellom. Desse er nærare omtalte nedanfor.

Figur 13.58. Eksempel på ulike overgangsformer

Eksempel på ulike overgangsformer

Lineær

Eksempel på ulike overgangsformer

Bilineær

Eksempel på ulike overgangsformer

Radial


Lineær

Denne overgangen byrjar med forgrunnsfargen der den teikna linja di byrjar, og går gradvis over til full bakgrunnsfarge der linja sluttar.

Bilineær

Som lineær, men går i begge retningane ut frå startpunktet. Avstanden er bestemt av stoppunktet. Kan vere nyttig når du t.d. skal farge ein sylinder.

Radial

Denne gir ein sirkel med forgrunnsfargen i midten og bakgrunnsfargen utanfor sirkelen. Kan minne om ei kule utan retningslys.

Firkanta, Forma

Figur 13.59. Eksempel på firkanta overgang

Eksempel på firkanta overgang

Firkanta

Eksempel på firkanta overgang

Forma (vinkla)

Eksempel på firkanta overgang

Forma (sfærisk)

Eksempel på firkanta overgang

Forma (krusa)


Dette er fire former som alle er variantar av kvadratet. Det er Firkanta, Formfyll (vinkla), Formfyll (sfærisk), og Formfyll (krusa). Alle desse formene legg forgrunnsfargen i sentrum av ein firkant som har senteret der du starta teiknelinja. Lengda på teiknelinja blir halve diagonalen i kvadratet. Dei fire vala med dei noe merkelege namna er ulike måtar å rekna ut fargegraderinga på. Den beste måten å lære skilnadane mellom desse, er rett og slett å prøve alle formene etter tur.

Konisk (symmetrisk); Konisk (asymmetrisk)

Figur 13.60. Eksempel på konisk form

Eksempel på konisk form

Konisk (symmetrisk)

Eksempel på konisk form

Konisk (asymmetrisk)


Konisk (symmetrisk) gir ei kjensle av å sjå ned på toppen av ein kon som blir opplyst med bakgrunnsfargen i ei retning som blir bestemt av retninga på teiknelinja.

Konisk (asymmetrisk) er svært lik Konisk (symmetrisk), men konen får ein rygg der linja blir teikna.

Spiral (med klokka), Spiral (mot klokka)

Figur 13.61. Eksempel på spiralform

Eksempel på spiralform

Spiral (med klokka)

Eksempel på spiralform

Spiral (mot klokka)


Lager ein spiral med ei breidde bestemt av lengda på teiknelinja.

Gjenta

Du har to modus å velje mellom. Sagtannmønsteret byrjar med forgrunnsfargen og går gradvis over til bakgrunnsfargen for så å starte på nytt med forgrunnsfargen igjen. FG >>> BG, FG >>> BG osv. Når det triangulære mønsteret kjem til endes, blir overgangen reversert slik at overgangen går mot forgrunnsfargen igjen. FG >>> BG >>> FG osv.

Utjamning

Utjamning er ein måte å glatta ut overgangane på. Sjå meir om dette i ordlista

Adaptiv utjamning

Dette er ein meir avansert måte for å jamne ut «taggane» som kjem langs ei skrå eller kurva linje i eit digitalt bilete.