4.9. Spegelvending

Figur 13.123. Symbolet for «spegelvending» i verktøykassa

Symbolet for «spegelvending» i verktøykassa

Verktøyet «spegelvend» blir brukt for å spegelvende lag eller utval horisontalt eller vertikalt.

4.9.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTransformeringsverktøyaSpegelvend,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastatursnarvegen Shift + F.

4.9.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Ctrl skifter mellom horisontal og vertikal spegelvending.

4.9.3. Innstillingar

Figur 13.124. Innstillingane for spegelvending

Innstillingane for spegelvending

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Spegelvend
Venderetning

Bestemmer om normalinnstillinga skal vere å vende horisontalt eller vertikalt. Du kan bytte om på valet med valtasten Ctrl.