4.6. Skalering

Figur 13.113. Symbolet for «skaleringsverktøyet» i verktøykassa

Symbolet for «skaleringsverktøyet» i verktøykassa

4.6.1. Oversyn

Dette verktøyet blir brukt til å skalere, dvs. å forstørre eller forminske lag, utval eller banar.

Når du klikkar på biletet med dette verktøyet, kjem det opp eit dialogvindauge som gir deg høve til å skrive inn verdiar for breidde og høgde. Alt etter kva førehandsvising du har vald i verktøyoppsettet, kan det også dukke opp eit rutenett eller ei ramme som viser omrisset av området som skal skalerast. I kvart hjørne av rutenettet er det eit firkanta handtak som du kan dra i for å forandra storleiken. Du kan flytte førehandsvisinga ved å ta tak i den prikken som kjem fram midt i biletet.

4.6.2. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaSkaler,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastatursnarvegen Shift + T.

4.6.3. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Hald nede Ctrl-tastene for å bytte valet Fast sideforhold.

4.6.4. Verktøyinnstillingar

Figur 13.114. Innstillingane for «Skalering»

Innstillingane for «Skalering»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Transformér, interpolasjon, retning, klipping, førehandsvising
[Notat] Notat

Transformasjonen verkar bare på det aktive laget. Ønskjer du å skalere alle laga, bruker du skaler biletet i staden.

Behald sideforholdet (Ctrl)

Dersom denne funksjonen er aktivert, vil forholdet mellom breidde og høgde heile tida vere det same som i det opphavlege laget eller utvalet når du flytter på eit hjørne. Funksjonen verkar ikkje på sidehandtaka. Legg merke til at funksjonen også påverkar lenkinga mellom høgde og breidde i dialogvindauget.

4.6.5. Dialogvindauget

Figur 13.115. Dialogvindauget

Dialogvindauget

Breidde/Høgde

Viser gjeldande breidde og høgde for skaleringa. Du kan skrive nye tal i rutene for å forandre skaleringa. Den vanlege måleeininga er pikslar, men dette kan du forandre i nedtrekkslista. Dersom lenka til høgre for rutene er broten, kan du skrive inn breidde og høgde uavhengig av kvarandre.