6.6. Tekst

Figur 13.174. Symbolet for tekstverktøyet i verktøykassa

Symbolet for tekstverktøyet i verktøykassa

Tekstverktøyet blir brukt til å setje tekst inn i biletet. Når du klikker på eit bilete med dette verktøyet, kjem det fram ein liten og enkel tekstbehandlar som du bruker for å skrive inn teksten. Denne teksten blir lagt inn i eit eige tekstlag. Du bestemmer skrifttype, farge o.l. i dialogen innstillingar, som du normalt finn like under verktøykassa.

I GIMP 2.6 dukka det opp ein ny funksjon: Du kan nå klikke og dra musepeikaren rundt i biletet o teikne ei rektangulær ramme som du kan forstørre og flytte på same måten som for rektangelutvalet. Teksten du skriv inn blir vist innføre denne ramma og tilpassa rammestorleiken med linjebryting om nødvendig. Du kan når som helst forandre ramma.

Figur 13.175. Innrammingsboks for tekstverktøyet

Innrammingsboks for tekstverktøyet

Når musepeikaren er rundt sentrum i ramma, blir han forandra til eit kryss, . Du kan nå flytte heile ramma ved å klikke og dra. Teksten dukkar opp igjen på same plassen i ramma når du slepp musepeikaren.

6.6.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTekst,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastatursnarvegen T.

6.6.2. Innstillingar

Figur 13.176. Innstillingane for «tekstverktøyet»

Innstillingane for «tekstverktøyet»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Skrifttypar

Klikk på knappen for å opna lista over tilgjengelege skrifttypar («X-fonts») for dette verktøyet.

Nedst i vindauget for å velje skrifttype finn du noen symbol som er knappar for å

  • endre storleiken på visinga av skrifttypen

  • velje mellom utlisting på listeform eller tabellform,

  • opna dialogvindauget for skrifttypar.

Vel ein skrifttype frå dei tilgjengelege skrifttypane. Den valde skrifttypen blir automatisk brukt i teksten.

[Tips] Tips

Du kan bruke rullehjulet på peikeutstyret, som oftast musehjulet, for å bytte skrifttype brukt i teksten ved å flytte peikaren til knappen for skrifttype og bruke hjulet for å rulle opp eller ned i lista. Ikkje klikk.

Storleik

Her bestemmer du kor stor skrifttypen skal visast, i den måleeininga du ønskjer.

Hinting

«Hinting» er ein måte å forbetra skriftbiletet på. Hintinga forbetrar omrisset til skriftteikna. Særleg ved små skrifttypar vil dette gjere teikna tydelegare og dermed lettare å lese. GIMP hentar informasjonen for hintinga frå skrifttypen.

Tving automatisk hint

Dersom det ikkje finst informasjonar om hintinga i skrifttypen, vil GIMP prøve å rekne ut nødvendige data for hintinga sjølv.

Kantutjamning

Når denne er aktivert, vil teksten bli teikna med meir avrunda og mjuke kantar. Dette vil normalt forbetra det visuelle inntrykket av teksten. Unntaket kan vere dersom biletet ikkje er i RGB-format.

Farge

Skriftfargen er normalt sett til svart, men du kan velje andre fargar ved å trykke på denne fargeruta for å få opp fargeveljaren.

[Tips] Tips

Du kan også klikke og dra farge frå fargeområdet i verktøykassa over i boksen for tekstfarge.

Justering

Trykk på desse knappane for å bestemme om teksten skal vere venstrejustert, høgrejustert, midtstilt eller blokkjustert (med rette margar).

Innrykk

Bestemmer kor langt frå margen den første linja skal begynne. I ein tekst med fleire linjer, vil litt innrykk av førstelinja ofte gjere det enklare å lese teksten.

Linjeavstand

Her bestemmer du linjeavstanden. Innstillinga er interaktiv, dvs. resultatet blir synleg i teksten etter kvart som du forandrar innstillinga. Talet her er ikkje sjølve linjeavstanden, men kor mange pikslar du vil auke eller minske linjeavstanden med. Talet kan såleis også vere negativt.

Teiknavstand

Her bestemmer du avstanden mellom skriftteikna. Også her er talet ikkje sjølve linjeavstanden, men kor mange pikslar du vil auke eller minske avstanden med. Talet kan såleis også vere negativt.

Tekst langs bane

Dette valet er tilgjengeleg bare dersom det finst ein bane i biletet. Opprett eller importer ein bane og gjer denne aktiv.

Denne kommandoen er også tilgjengeleg frå «lagmenyen»:

Figur 13.177. Kommandoen «Tekst langs bane» mellom dei andre tekstkommandoane i lagmenyen

Kommandoen «Tekst langs bane» mellom dei andre tekstkommandoane i lagmenyen

Denne gruppa er synleg bare dersom det finst eit tekstlag i biletet.


Deretter aktiverer du tekstverktøyet og skriv inn teksten. Ønskjer du å bruke ein eksisterande tekst, gjer du denne aktiv frå lagdialogen, aktiverer tekstverktøyet og klikkar på teksten i biletvindauget. Hugs at banen er der, sjølv om han kanskje blir usynleg.

Klikk på knappen Tekst langs bane for å legge teksten langs banen. Teikna (bikstavane) blir viste bare med omrisset. Kvart teikn blir gjort om til ein del av den nye banen som blir vist i banedialogen. Innstillingane for baneverktøyet blir gjeldande også for denne nye banen.

Figur 13.178. Eksempel på bruk av «Tekst langs bane»

Eksempel på bruk av «Tekst langs bane»
Eksempel på bruk av «Tekst langs bane»

Opprett bane frå tekst

Trykk på denne knappen for å gjere teksten om til ein bane. Kvart teikn i teksten blir omslutta av ein banekomponent. Du kan såleis forandre utsjånaden til bokstavane ved å flytte på kontrollpunkta for banen.

6.6.3. Tekstbehandlaren

Figur 13.179. Tekstbehandlaren

Tekstbehandlaren

Dialogvindauget blir opna når du klikker på biletet med tekstverktøyet. Teksten du skriv inn i dialogvindauget blir automatisk overført til tekstramma i biletet.

Du kan korrigera ein tidlegare innskriven tekst med tekstbehandlaren og også forandra skrifttype.

Så snart du byrjar å skrive, blir det oppretta eit tekstlag i lagdialogen. Dersom du seinare ønskjer å forandra denne teksten, aktiverer du tekstlaget og får fram tekstbehandlaren ved å klikke på laget, eller dobbeltklikke dersom systemet er sett opp slik. Sjølvsagt kan du bruke dei same funksjonane på eit tekstlag som du bruker på andre biletlag.

For å legge til ein ny tekst klikkar du med tekstverktøyet på eit ikkje-tekstlag. For å skifte frå ein tekst til ein annan, aktiverer du det ønskte tekstlaget i lagdialogen og eventuelt aktivirer tekstbehandlaren ved å (dobbelt)klikke på laget.

Du kan skrive Unicodeteikn ved først å bruke tastekombinasjonen Ctrl + Shift + U og deretter skrive in koden for det ønskte teiknet på hexadesimal form. For eksempel:

Figur 13.180. Å skrive inn Unicodeteikn

Å skrive inn Unicodeteikn

Ctrl+Shift+U

Å skrive inn Unicodeteikn

4 7

Å skrive inn Unicodeteikn

Enter


Denne metoden er sjølvsagt mest nyttig når du ønskjer å skrive inn spesielle teikn som ikkje finst på tastaturet. Føresetnaden er at det ønskte teiknet finst i den skrifttypen du har vald.

Unocode 0x47 («G»), 0x2665, 0x0271, 0x03C0

Innstillingane for «tekstbehandlaren»

Hent tekst frå fil

Du kan laste inn tekst frå ei tekstfil ved å klikke på mappesymbolet i tekstbehandlaren. All tekst i fila blir lasta inn.

Visk ut all tekst

Klikk på dette symbolet for å tekstbehandlaren og den tilhøyrande teksten på biletet.

Frå venstre til høgre

Dette er knappen merka «VTH» i menylinja. (Venstre Til Høgre). Gjer at teksten blir skriven frå venstre mot høgre, slik som i dei fleste vestlege språka.

Frå høgre til venstre

Dette er knappen merka «HTV» i menylinja. (Høgre Til Venstre). Gjer at teksten blir skriven frå høgre mot venstre, slik som i mange orientalske språk. (Skrifta øvst på knappen er arabisk).

Bruk vald skrifttype

Normalt blir det brukt ein standard skrifttype. Dersom du ønskjer å bruke den skrifttypen du har vald i innstillingane, må du aktivere dette valet.

[Notat] Notat

Sjå også Del 5, «Tekst».