Når du har bruk for at personen på biletet ser den andre vegen, eller at toppen av biletet skal vere botnen, då spegelvender du biletet. Bruk menyen  →  → , eller enklare: klikk på ikonet 
        
        i verktøykassa.
Ved hjelp av APOD biletet [APOD07] kunne eg her demonstrere alle utgåvene av spegelvending, men du hadde gått lei lenge før eg var ferdig. Studer heller biletet over.
Verktøyet er her brukt i normalinnstillinga som spegelvender biletet horisontalt, dvs. rundt ein loddrett akse. Dersom du held nede Ctrl-tasten eller vel Vertikal i verktøyinnstillinga, vil biletet bli spegelvendt vertikalt, dvs. rundt ein vassrett akse. Studer eksempla nedanfor.
Figur 3.38. Eksempel på spegelvending
              Originalbiletet
              Vassrett spegelvending
              Loddrett spegelvending
              Vassrett og loddrett spegelvending