4. Å bruke snarmaskemodus

  1. Opna eit bilete eller begynn på eit nytt

  2. Aktiver snarmaska ved å trykke på knappen i nede til venstre biletvindauget. Dersom det finst eit utval i biletet, vil maska bli laga med innhaldet frå dette.

  3. Vel eitt av teikneverktøya og teikna med svart der du ønskjer å fjerne utvalet og med kvitt for å legge til i utvalet. Bruk gråfarge for å gjere eit område delvis utvald.

    Du kan også lage eit utval med eit av utvalsverktøya og bruke fyllverktøyet for å fylle dette med svart, kvitt eller grått. Dette øydelegg ikkje snarmaskemarkeringane.

  4. Slå snarmaska av ved å trykke på snarmaskeknappen i nedre, venstre hjørnet i biletvindauget. Dei marsjerande maura vil dukke opp igjen.