Eit av dei store bruksområda for GIMP er å tilpassa bilete for nettsider. Dette betyr i praksis å få til best moglege bilete med minst moglege biletfiler. (Dette er god folkeskikk enda om du veit at alle brukarane har ultraraskt breiband). Denne vesle kokeboka vil vise deg korleis det er råd å forminska biletfilene utan at det går merkbart ut over kvaliteten.
Kva som er det optimale biletet for vising på Internett er avhengig av kva slag bilete du har og det filformatet du bruker. Eit fotografi med mange fargar bør for eksempel leggast ut i formatet JPEG. Eit mindre fargerikt foto, ei teikning eller eit skjermbilde kan kanskje best leggast ut i formatet PNG. Det er slike val dette kapitlet handlar om.
Det første du gjer er å opna biletet på vanleg måte. Her er vår kjære Wilber opna for å nyttast som eksempel.
Biletet er nå opna i RGB-modus. Sidan det også har ein alfakanal i tillegg, blir nemninga RGBA. Til vanleg har du ikkje bruk for alfakanalen i eit bilete som skal synast på nettet, og kan fjerna denne ved å flate ut biletet.
Det er sjeldan at fotografi har alfakanal, så biletet blir opna i RGB-modus i staden for RGBA-modus og det er såleis ingen behov for å fjerne alfakanalen.
Notat | |
---|---|
Dersom biletet inneheld mjuke overgangar til gjennomsiktige område, kan du ikkje fjerna alfakanalen utan at også dei mjuke overgangane blir borte. Grafikk med harde overgangar til gjennomsiktige område kan lagrast utan alfakanalen i t.d. GIF-format. |
Etter at du har flata ut biletet, kan du lagre biletet i PNG-format for nettsida di.
Notat | |
---|---|
Når du lagrar biletet i PNG-format kan du stort sett bruke dei førehandsinnstilte verdiane. Det einaste du treng forandra på er å setje kompresjonen til maksimum. Graden av komprimering betyr ingenting for kvaliteten og opplastingstida for biletet, bare forkor lang tid som blir brukt for å lagre biletet. For JPEG-formatet blir kvaliteten derimot merkbart dårlegare med aukande kompresjon. Er biletet ditt eit foto med mange fargar, bør du likevel bruke jpeg og heller bruke litt tid på å finne det beste kompromisset mellom komprimering og kvalitet. Di finn meir om dette i Del 1.2.2, «Lagra som JPEG». |