13.7. Sjakkbrett

13.7.1. Oversyn

Figur 16.291. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «Sjakkbrett»

Eksempel på bruk av filteret

Sjakkbrett med «Psychobilly»


Dette filteret bytter ut innhaldet i det aktive laget med eit sjakkbrettmønster med fargane frå for- og bakgrunn i verktøykassa.

13.7.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarMønsterRutenett

13.7.3. Innstillingar

Figur 16.292. Innstillingane for filteret «Sjakkbrett»

Innstillingane for filteret «Sjakkbrett»

Psykobilly

Dersom denne er aktivert, vil sjakkbrettet få ein ekstra kuledimensjon som kan minne om sofaputer. Forma på kulene er avhengig av kor store sjakkrutene er.

Storleik

Her bestemmer du kor store rutene skal vere. Måleeininga er normal pikslar, men du kan du velje andre etter behov.