8.33. Innfarging

8.33.1. Oversyn

Figur 15.184. Verknaden av filteret

Verknaden av filteret

Originalbiletet

Verknaden av filteret

Verknad av filteret «innfarging»


Filteret fargelegg eit gråskalabilete slik det ville sjå ut gjennom farga glas.

For kvar piksel reknar filteret ut ein vekta gjennomsnittsverdi for RGB-kanalane. Dette er det same som å avmette biletet basert på fargeglød). Resultatet er eit produkt av denne gjennomsnittsverdien og innfargingsfargen.

Naturleg nok arbeider dette filteret bare på bilete i RGB-modus.

8.33.2. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via FargarInnfarging

8.33.3. Innstillingar

Figur 15.185. Innstillingane for filteret «innfarging»

Innstillingane for filteret «innfarging»

Det er tilgjengeleg ein fargepalett med RGB-fargane raud, grøn og blå, og dessutan i CMY-fargane cyan, magenta og gul.

Du kan velje farge med glidebrytaren «kulør»