Dette filteret omformar biletet slik at det ser ut som det er sett saman av små, firkanta silkepapirbitar.
Tips | |
---|---|
Dersom du finn ut at dette filteret er for enkelt, kan du prøve filteret GIMPressionist i staden. |
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
Denne glidebrytaren blir brukt for å bestemma storleiken (i pikslar) på silkepapirbitane.
Denne glidebrytaren bestemmer styrken og dekkevna til fargen på papirbitane. Dess høgare tal dess sterkare farge og dekkevne. Eit lågt tal gjer at fargen blir litt gjennomsiktig slik at underliggande papirbitar blir synlege. Dette vil påverka fargen i den øvste papirbiten. Med denne brytaren sett til 0 og det ikkje er merka av for Bruk bakgrunnsfarge, vil heile laget bli einsfarga svart. Dersom det er merka av for Bruk bakgrunnsfarge, og brytaren er sett til 0, vil biletlaget bli sett til bakgrunnsfargen som er sett i verktøykassa.
Til vanleg bruker dette filteret fargane frå biletet med ein fargestyrke bestemt av Flismetninga. Dersom metninga er svært låg, vil den svarte bakgrunnen skine gjennom papirbitane. Dersom det er merka av for Bruk bakgrunnsfarge, vil bakgrunnen få den fargen som er sett som bakgrunnsfarge i verktøykassa. Dersom biletet har alfakanal, vil bakgrunnen også vere gjennomsiktig.
Tips | |
---|---|
Dette filteret er godt eigna for å lage bakgrunn for nettsider og liknande. Lag eit lite bilete med få, tilfeldig spreidde fargar. Bruk deretter filteret på biletet. Når du har funne høvelege innstillingar, bruker du desse. Til slutt kan du køyre filteret Lag saumlause. Dette gjer at biletet ditt blir repetert som bakgrunnsbilete på nettsida utan synlege overgangar mellom dei ulik kopia. |