8.22. Bytt farge

8.22.1. Oversyn

Figur 15.164. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Med filteret


Dette filteret bytter ut ein farge med ein annan.

8.22.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FargarKartBytt farge

8.22.3. Innstillingar

Figur 15.165. Innstillingane for filteret «Bytt farge»

Innstillingane for filteret «Bytt farge»

Førehandsvising

Dette vindauget viser eit utsnitt av biletet, eller heile biletet dersom det er plass til det.

Eit klikk på den midtre musebrytaren, eventuelt hjulet, vil gjere fargen under musemarkøren til frå-farge.

Fråfarge

Her bestemmer du kva for pikslar som skal bearbeidast av filteret.

Du finn her tre glidebrytarar som blir brukte for å bestemma fargeintensiteten for kvar av fargekanalane raud, grøn og blå på ein skala frå 0,0 til 1,0. Dersom du har klikka på førehandsvisinga, vil glidebrytarane ha stilt seg inn automatisk på den fargen du klikka på. Du kan også klikka på fargeruta for å få fram ein fargeveljar.

Dei tre terskelbrytarane blir brukte for å bestemme kor mange pikslar som skal bli berørte av fargebyttinga. Dess høgare verdi dess fleire pikslar. Resultatet blir vist i førehandsvisinga.

Lås tersklane: Dersom denne er avkryssa, vil alle terskelbrytarane bli flytt når du flytter på ein av dei. Verkninga er synleg først når du slepp opp museknappen.

Tilfarge

Her finn du også tre glidebryterar, ein for kvar av fargane raud, grøn og blå. Du kan anten stille inn den ønskte tilfargen med desse, eller du kan klikke i fargeruta for å få opp ein fargeveljar.