8.35. Filterpakke

8.35.1. Oversyn

Figur 15.188. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Filteret sett til meir blått, høgare metning


Dette er eigentleg ei samling av ulike filter sett saman slik at det er lett å få oversyn og å samanlikna verknaden. Du kan sjølvsagt utføra det same med dei einskilde filtra, men her er dei altså samla.

8.35.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FargarFilterpakke

8.35.3. Innstillingar

Figur 15.189. Innstillingane for filtersamlinga «Filterpakke»

Innstillingane for filtersamlinga «Filterpakke»

Førehandsvisingane

Dialogvindauget har to førehandsvisingar, ei som viser originalbiletet og ei som viser korleis biletet vil sjå ut akkurat nå dersom du trykker OK-knappen.

Vis

Her bestemmer du kva som skal førehandsvisast:

  • Heile biletet

  • Bare utvalet: Bare utvalet blir påverka. Dersom det ikkje finst noe utval (normalinnstillinga), blir heile biletet påverka.

  • Utval i biletet: Utvalet inne i biletet.

Vindauge

Her bestemmer du kva filter som skal brukast. Du kan velje mellom:

  • Kulør: Lager ei førehandsvising for kvar av dei tre primærfargane og for dei tre komplimentærfargane på basis av fargemodellen RGB. Dermed er det bare å klikke på den ruta som passar best. Den ruta du klikkar på, blir sett i sentrum. Slik kan du halde fram med klikkinga til du finn det biletet som passar best.

    Figur 15.190. Vala for kulør i filteret «Filterpakke»

    Vala for kulør i filteret «Filterpakke»

  • Metning: Tre førehandsvisingar for meir eller mindre metning.

    Figur 15.191. Metning i filteret «Filterpakke»

    Metning i filteret «Filterpakke»

  • Verdi: Tre førehandsvisingar med meir eller mindre lysverdi (luminitet).

    Figur 15.192. Verdi i filteret «Filterpakke»

    Verdi i filteret «Filterpakke»

  • Avansert: Desse innstillingane blir omtalte i dei neste avsnitta.

Påverka område

Påverka område gir deg høve til å velje kva lysområde innstillingane skal verka på. Du har følgjande val:

  • Skyggar: Mørke fargetoner.

  • Midttoner

  • Høglys: Lyse fargetoner

Vel piksel etter

Bestemmer kriteria for utveljinga av pikslane. Du har valet mellom:

  • Kulør

  • Metning

  • Lyserdi

Steglengde

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje biletet skal endrast når du klikkar på eit vindauge. Korte (0) eller lange (1) steg, eller noe i mellom.

Avanserte innstillingar

Figur 15.193. Avanserte innstillingar for filteret «Filterpakke»

Avanserte innstillingar for filteret «Filterpakke»

Desse innstillingane blir brukte for å bestemma meir nøyaktig korleis filtra skal påverka biletet og kor stor førehandsvisingane skal vere.

Storleik på førehandsvisinga

Her kan du forandra storleiken på førehandsvisinga til mindre eller større enn normalstorleiken, som er 80.

[Tips] Tips

Trass i at du kan auke førehandsvisinga ein del, hender det ofte at ho blir i minste laget. Dette kan du omgå ved å arbeide på eit forstørra utval av biletet. Deretter inverterer du utvalet og arbeider på resten av biletet.

Påverka område

Her bestemmer du toneområdet som blir påverka av filteret.

Denne kurva viser vektinga av endringane gjort i biletet. Området kurva verkar på blir bestemt av verkeområdet som er sett: skyggar, mellomtoner eller høglys. Amplituden for kurva blir sett med glidebrytaren Steglengde i hovudvindauget for filteret.

Innstillingane her påverkar overgangane mellom fargetonene. Med glidebrytaren er sett til 0 blir kurva kantete og overgangane hakkete. Trekantane under kurva blir brukte for å finjustera overgangane mellom fargetonene.