5.3. Linserefleks

5.3.1. Oversyn

Figur 16.96. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Linserefleks»


Dette filteret imiterer «solrefleksar» i linsa. Som oftast er dette nokså uønska, men kan altså ein gong i blandt gi ein spesiell effekt til biletet. Du kan plassere refleksen på biletet ved å klikke med musepeikaren på førehandsvisinga eller ved å skrive inn koordinata for refleksen. Filteret er enkelt og raskt i bruk, men er ikkje så omfattande som filteret Gradientrefleks.

5.3.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeLinserefleks

5.3.3. Innstillingar

Figur 16.97. Innstillingane for filteret «Linserefleks»

Innstillingane for filteret «Linserefleks»

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, vil endringane bli viste i førehandsvisinga. Du kan flytte rundt i biletet ved hjelp av rullefelta.

Sentrum for refleksen

Du kan her skrive inn x- og y-koordinata for sentrum av refleksjonen. Du kan også setje kooerdinata ved å klikke på førehandsvisinga. Utgangspunktet er som vanleg (0,0) i øvre, venstre hjørne.

Vis posisjon

Når denne er markert, blir sentrum for filtereffekten markert med eit trådkors. Du kan flytte rundt på trådkorset med musepeikaren på vanleg måte for å markere sentrum for refleksen.

[Tips] Tips

Du kan flytte den kryssforma musemarkøren rundt over førehandsvisinga og klikke der du ønskjer refleksen skal vere. Dette er uavhengig av kva val du har gjort for Vis posisjonen.