4.7. Interaktiv deformasjon

4.7.1. Oversyn

Figur 16.45. Eksempel på bruk av filteret «interaktiv deformasjon»

Eksempel på bruk av filteret «interaktiv deformasjon»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «interaktiv deformasjon»

Eksempel på bruk av filteret «interaktiv deformasjon»


Med dette filteret kan du deformere deler av biletet. Filteret kan også brukast for å tone inn eller ut det deformerte biletet i høve til originalbiletet i ein animasjon vist t.d. på ei nettside. (Filteret blir også kalla «IWarp»).

Filteret er svært omfangsrikt, men faktisk likevel nokså enkelt i bruk. Vel deformeringstype og dra musepeikaren over førehandsvisinga.

4.7.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarInteraktiv deformasjon

4.7.3. Innstillingar

Dette filteret har så mange innstillingar at dei er sett opp i to faner. Den eine inneheld innstillingar brukt i vanlege bilete, medan den andre inneheld innatsillingar for animasjon.

4.7.3.1. Innstillingar

Figur 16.46. Innstillingane for filteret «interaktiv deformasjon»

Innstillingane for filteret «interaktiv deformasjon»

I denne fanen finn du innstillingar som også blir synlege i førehandsvisinga. Du kan difor prøve ut fleire innstillingar før du bestemmer deg.

Førehandsvising

I dette filteret er førehandsvisinga også arbeidsplassen din ved at du aktiverer filterinnstillinga ved å klikke på førehandsvisinga og drar musepeikaren over det området du vil deformere. Er du ikkje nøgd med resultatet, kan du trykke knappen Tilbakestill for å setje biletet tilbake til slik det var i utgangspunktet.

Deformasjonsmodus
Flytt

Gjer at du kan strekke ut deler av biletet.

Fjern

Denne innstillinga gjer at eventuelle deformasjonar blir tilbakeførte til slik dei er i originalbiletet når du drar musepeikaren over deformasjonane. Når du angrar bare litt av det du har gjort, kan det vere enklare å bruke denne funksjonen i staden for å trykke knappen Tilbakestill. Dersom du arbeider med animasjon, kan det vere greitt å merke seg at denne funksjonen arbeider bare på ei enkelt ramme.

Gjer større

Gjer at områda du drar musepeikaren over blir flata ut.

Krymp

Treng vel ikkje nærare forklaring.

Drei mot klokka

Kvervel mot klokka

Drei med klokka

Kvervel med klokka

Deformasjonsradius

Bestemmer kor stort område rundt den pikselen som blir peika på skal bli påverka av filteret. Skalaen går frå 5 til 100.

Deformasjonsgrad

Bestemmer på ein relativ skala frå 0,0 til 1,0 kor mykje filteret skal forandra biletet.

Bilineær

Gjer effekten av filteret mjukare.

Adaptativ superutjamning

Dette er ein betre måte å jamne ut effekten av filteret på enn den vanlege utjamninga, men krev litt ekstra datakraft. Når denne er aktivert, vil også dei to glidebrytarane Maks djupn og Grenseverdi bli aktiverte. Desse blir brukte for å styre verknaden av filteret. Sjå meir om dette under superutjamning i ordlista.

Maks djupn

Denne verdien er maksimum gjentakingar kvar piksel skal bli utsett for.

Grenseverdi

Når skilnaden i verdien for ein piksel og verdiane for dei omkringliggande pikslane overstig denne grensa, blir det køyrd ein ny runde med utglatting.

4.7.3.2. Animasjon

Figur 16.47. Innstillingane for fanen «animasjon» i filteret «interaktiv deformasjon»

Innstillingane for fanen «animasjon» i filteret «interaktiv deformasjon»

I denne fanen kan du generere overgangsbilete mellom det originale biletet og den filtrerte versjonen. For å kunne køyre animasjonen bruker du programtillegget spel av animasjonen.

Talet på rammer

Her bestemmer du kor mange rammer («frames») det skal vere i animasjonen. Kvar ramme blir lagra som biletlag i biletet. Difor bør du lagra resultatet i xcf-format.

Reverser

Denne speler av animasjonen baklengs.

Ping-Pong

Denne speler av animasjonen vekselvis baklengs og forlengs.