Dette filteret gjer at biletet ser ut som eit ferdig samansett puslespel. Strekane har lett for å bli hakkete, men dette kan enkelt utbetrast med filteret Gaussisk sløring med radius omkring 1,0.
Tips | |
---|---|
Dersom du har behov for å markere enkeltbitar frå puslespelet, kan dette gjerast ved å teikne puslespelet på eit separat lag fylt med einsfarga kvit. Sett lagmodus til «Multipliser» og klikk på bitane i dette nye laget med verktøyet tryllestaven. |
Glidebrytarane styrer kor mange bitar det skal vere bortover og nedover.
Denne glidebrytaren blir brukt til å runde av kantane på bitane. Ein liten verdi her gir inntrykk av at puslespelet er skore ut i tre, medan ein større verdi gir avrunda kantar omlag som dei du finn på puslespel i papp.
Dette er «gjenskinnet» i kantavrundingane for kvar bit. Breidda på høglyset er relativ til breidda på kantavrundinga. Som regel bør du bruke låge verdiar på desse to glidebrytarane når puslespelet inneheld mange bitar, og høgare verdiar når spelet har få bitar. Standardinnstillingane høver for eit 500 × 500 pikslars bilete.
Vel du Kvadratisk blir puslespelet laga med tilnærma rette linjer, medan Avrunda gjer at bitane blir meire avrunda.