8.10. Normalisering

Kommandoen Normaliser skalerer lysverdiane i det aktive laget slik at det mørkaste punktet blir sett til svart og det lysaste så lyst som mogleg utan å forandra kuløren. Dette kan ofte forbetra blasse og utvaska bilete enormt. «Normaliser» verkar på alle fargemodus, både RGB, gråskala og indeksert.

8.10.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvaletfrå biletmenyen via FargarAutoNormaliser

8.10.2. Eksempel på bruk av «Normalisering»

Figur 15.137. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av «Normaliser».


Figur 15.138. Biletet etter bruk av filteret

Biletet etter bruk av filteret

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av «Normaliser». Kontrasten er forbetra.

Strekkinga av histogrammet lagar opningar mellom kolonnene. Difor stripene.