10.8. Fotokopi

10.8.1. Oversyn

Figur 16.190. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «fotokopi»


Dette filteret gjer at det aktive laget eller det aktive utvalet blir sjåande ut som ein fotokopi i svart/kvit. Filteret analyserer eit område og set alle pikslar som er mørkare enn gjennomsnittet av nabopikslane til svart. Dei andre pikslane blir kvite.

[Tips] Tips

Du kan bruke dette filteret for å gjere bilete skarpare. Lag ein kopi av biletlaget, bruk filteret på kopien. Sett modus til Multipliser og prøv deg fram med ulike grader av dekkevne.

10.8.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskFotokopi

10.8.3. Innstillingar

Figur 16.191. Innstillingane for filteret «fotokopi»

Innstillingane for filteret «fotokopi»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Maskeradius

Som nemnd tidlegare, blir kvar piksel gjort svart eller kvit ut frå om pikselen er mørkare eller lysare enn gjennomsnittet for nabopikslane. Denne glidebrytaren bestemmer kor stort område som skal telje med i denne samanlikninga. Høge verdiar resulterer i store svarte område rundt kantane av område med kvitt, og lite detaljar i dei mørke områda. Låge verdiar gir mindre svart og meir detaljar i biletet.

Skarpleik

Med denne glidebrytaren bestemmer du på ein skala frå 0,0 til 1,0 kor skarp kopien skal bli.

Prosent svart

Her bestemmer du kor stor prosentdel av dei formørka pikslane som skal bli svarte. Låge verdiar gir mjukare overgangar. Høge verdiar kan framheva kontrasten i biletet. Som oftast vil det mest naturlege vere å bruke ein verdi mellom 0,0 og 1,0.

Kvitprosent

Her bestemmer du kor stor prosentdel av pikslane som skal bli kvite.