8.26. Fargelegg frå mal

8.26.1. Oversyn

Figur 15.173. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Verknad av filteret «Fargelegg frå mal»


Dette filteret blir i hovudsak brukt til å fargelegga svart/kvit-bilete ved å overføra fargar frå eit fargebilete eller ein fargeovergang.

[Obs] Obs

For å kunne bruke dette filteret må biletet vere i RGB-modus. (BileteModusRGB)

8.26.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FargarKartFargelegg frå mal

8.26.3. Innstillingar

Figur 15.174. Innstillingane for filteret «Fargelegg frå mal»

Innstillingane for filteret «Fargelegg frå mal»

Dialogvindauget er delt i to hovuddeler: Til venstre målet, dvs. biletet som skal fargast. Til høgre kjelda, dvs. biletet som fargen blir henta frå.

Mål, kjelde

Når du opnar dialogvindauget vil miniatyrane vise biletet du kalla opp filteret frå.

Kjelda kan vere heile miniatyren eller eit utval i kjeldebiletet. Ved hjelp av nedtrekkslista kan du opna eitkvart bilete som er opna på skjermen din. I tillegg kan du velje å bruke Frå fargeovergang eller Frå omvendt fargeovergang som kjelde. Vel du ein av desse, vil den aktive fargeovergangen bli brukt. Vindauget for førehandsvisinga blir då einsfarga grå. I staden blir fargeovergangen vist på linja under. Du kan flytte på trekantane under linja for å velje eit utvald område av fargeovergangen.

Målet er til vanleg det biletet du opna filteret frå. Du kan forandra dette ved å velje frå nedtrekkslista som viser alle bileta som var synlege på skjermen då du opna filteret. Dersom det er eit utval i biletet, vil dette bli vist i gråskala, elles vil heile biletet bli vist i gråskala.

Vis utvalet

Dersom biletet inneheld eit utval, vil dette valet bytte mellom å vise heile biletet eller utvalet.

Vis fargar

Vel mellom å vise biletet i farger eller i gråtoner.

Hent malfarge

Når du klikkar på denne, vil linja under kjeldebiletet vise fargeovergangen henta frå biletet. Dersom kjeldebiletet inneheld få fargar, kan det hende overføringa blir avbroten. Du må då merke av for Bruk mellomfarger for å få fram fleire farger å velje mellom.

Valet Bruk mellomfarger er vel ikkje forståeleg sånn reint intuitivt. Ei lita forklaring: Eit gråskalabilete inneheld informasjon om lysverdien (luminisens, dvs. kor lys eller mørk pikselen er). I eit RGB-bilete inneheld kvar piksel i tillegg informasjon om fordelinga av dei tre fargane raud, grøn og blå. Pikslar med ulike fargar kan likevel ha same lysverdien. Mellomfargane blir laga ved at det blir rekna ut eit gjennomsnitt av fargane for dei pikslane som har same lysverdi. Denne fargen blir lagt inn i pikslane med denne lysverdien i målbiletet. Dersom det ikkje er merka av for dette valet, vil den dominerande fargen bli brukt.

Ut-nivå

Du kan flytte på dei to trekantane, eller skrive verdiar inn i innskrivingsboksane for å avgrensa fargeområdet som skal overførast til målbiletet. Resultatet blir synleg med ein gong i målbiletet.

Inn-nivå

Du kan flytte på dei tre trekantane, eller skrive verdiar inn i innskrivingsboksane for å avvega innfarginga av mørke område, mellomtoneområde og lyse område. Resultatet blir synleg med ein gong i målbiletet.

Behald intensitet

Gjer at målbiletet får same gjennomsnitlege lysintensitet som kjeldebiletet.

Original intensitet

Gjer at målbiletet beheld lysintensiteten uforandra.