Dette filteret gjer biletet lysare med ein mjuk glød ved å gjere lyse område litt lysare og samstundes litt diffuse. Noe liknande det gamle trikset med å bruke vaselin på linsa.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
Denne glidebrytaren styrer kor sterk effekten skal vere.
Denne kontrollen blir brukt for å bestemma kor mykje lysare dei lyse områda skal bli.
Denne kontrollen bestemmer kor skarpt definert, eller kor diffus effekten skal vere.