5.5. Lysglimt

5.5.1. Oversyn

Figur 16.104. Eksempel på bruk av filteret «lysglimt»

Eksempel på bruk av filteret «lysglimt»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «lysglimt»

Eksempel på bruk av filteret «Lysglimt»


Dette filteret legg lysglimt i dei lysaste punkta i biletet ut frå ein terskelverdi du har lagt inn. Det kan vere vanskeleg å sjå på førehand kvar desse lysglimta vil dukke opp i biletet, men du kan styre det ein del ved å teikne kvite punkt der du ønskjer desse funklande glimta.

5.5.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeLysglimt

5.5.3. Innstillingar

Figur 16.105. Innstillingane for filteret «lysglimt»

Innstillingane for filteret «lysglimt»

Du bestemmer verdiane ved hjelp av glidebrytarar og innskrivingsboksar.

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, vil endringane bli viste i førehandsvisinga. Du kan flytte rundt i biletet ved hjelp av rullefelta.

Terskel for lysverdi

Denne glidebrytaren styrer på ein skala frå 0,0 til 0,1 kor lyse områda må vere for å bli påverka av lyseffekten. Dess høgare verdi dess fleire lysglimt.

Glimtintensitet

Denne glidebrytaren bestemmer på ein relativ skala frå 0,0 til 1,0 breidda på det sentrale lyspunktet og på strålen.

Strålelengde

Med denne glidebrytaren bestemmer du på ein relativ skala frå 1 til 100 lengda på strålane. Når du reduserer lengda, blir dei små strålene påverka først.

Talet på strålepunkt

Her bestemmer du kor mange lange strålar, frå 0 til 16, det skal vere i kvart lysglimt. Det blir også like mange av dei mellomliggande korte strålane. Når talet er eit oddetal, blir ein kort stråle sett motsett av ein lang stråle. Er talet eit partal, blir dei lange strålane sett motsett av kvarandre.

Strålevinkel

Dette er vinkelen, 0° til 360°, til den første strålen i høve til vassrett. Verdien -1 gjer at vinkelen blir vald tilfeldig.

Stråletettleik

Dette talet bestemmer kor stor prosentdel (0,0 til 1,00) av dei moglege punkta i biletet som skal bli til lysglimt. Tala blir avrunda slik at t.d. 10 % (0,10) av 6 moglege punkt blir eitt punkt.

Gjennomsikt

Med aukande gjennomsikt (0,0 - 1,0) blir lysglimta meir gjennomsiktige slik at fargane i eit eventuelt underliggande lag blir meir synlege og lysglimtet mindre synleg. Dersom det ikkje er noe lag under, vil lysglimtet bli mindre synleg.

Tilfeldig kulør

Dette valet endrar kuløren tilfeldig (0,0 - 1,0).

Tilfeldig metning

Gir ei tilfeldig metning av strålefargen (0,0 - 1,0).

Bevar lysmengda

Set alle pikslane i den sentrale delen av stjerna til lysverdien til den lysaste pikslen. Dette gjer at heile lysglimtet blir lysare.

Inverter

Set alle pikslane i den sentrale delen av stjerna til lysverdien til den mørkaste pikselen. Dette gjer at heile lysglimtet blir mørkare.

Legg til ramme

I staden for å lage lysglimt i dei lysaste punkta i biletet, blir det laga ei ramme av lysglimt rundt biletet.

Naturleg farge, Forgrunnsfarge, Bakgrunnsfarge

Desse vala bestemmer fargen på den midtre delen av stjerna. Fargen blir lagt til i skjerm-modus, eller multipliser-modus dersom det er merka av for inverter. (Sjå om modus i Del 2, «Lagmodus»). «Naturleg farge» er fargen på den valde pikselen i biletet.