Figur 16.70. Eksempel på bruk av filteret
Originalbiletet
Eksempel på bruk av filteret «verdiutbreiing»
Dette filteret forandrar fargekantane ved å spreie pikslar med verdiar mellom dei valde grenseverdiane i dei valde retningane. Du kan også velje korleis dei spreidde pikslane skal påverka eksisterande pikslar.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
I eksempla nedanfor er det dette biletet som er brukt:
Pikslane vil forplante seg frå område med høg lysverdi til område med lågare lysverdi og såleis utvide dei lyse områda.
Figur 16.72. Meir kvitt
Dei lyse pikslane har forplanta seg til dei mørke områda i fire retningar: opp, ned, høgre og venstre. Filteret er køyrd fleire gonger for å forsterka effekten.
Pikslane vil forplante seg frå område med låg lysverdi til område med høgare lysverdi og såleis utvide dei mørke områda.
I området mellom dei to grenseverdiane blir fargane i dei pikslane som finst der frå før og dei nye pikslane blanda samen til ein middelverdi.
Figur 16.75. Middelverdi til spissane
Det blir lagt ei tynn ramme i ein mellomfarge rundt objektet. Ramma er ikkje synleg rundt objekt med utjamna kantar.
Det grøne området er forstørra 800 gonger. Det er lagt til ei 1 piksle brei ramme med gjennomsnittsfargen mellom grå (90 %) og grøn (78 %): (90 + 78) / 2 = 84.
Området mellom dei to grenseverdiane blir sett til forgrunnsfargen som blir vist i verktøykassa.
Figur 16.76. Forgrunn til spissane
I dette eksemplet er forgrunnsfargen i verktøykassa sett til raud. Ei 1 piksel brei ramme er lagt rundt objektet. Dersom det er brukt kantutjamning på objektet, blir ramma laga i ytterkantane av utjamninga. Dette fordi objektet er så lite at kantutjamninga på motsette sider overlappar kvarandre.
Bare område som har same fargen som forgrunnsfargen i verktøyskassa blir påverka.
Figur 16.77. Bare forgrunn
I dette eksemplet er forgrunnsfargen i verktøykassa den same som det grøne objektet. Etter å ha køyrd filteret fleire gonger, er det grøne området tydeleg forstørra.
Bare område som har same fargen som bakgrunnsfargen i verktøykassa blir påverka.
Desse kommandoane verkar som «Meir kvitt» og «Meir svart». Ggjennomsiktige område vil spreie seg over mindre gjennomsiktige område. Desse funksjonane verkar bare på bilete med alfakanal.
Figur 16.78. Meir dekkevne
Originallaget med gjennomsiktig bakgrunn
Etter å ha køyrd filteret fleire gonger er dei grøne, ugjennomsiktige (opake) områda forstørra
Desse glidebrytarane bestemmer nedre og øvre grense for kva skilnader i pikselverdiane som blir påverka av filteret. Bare pikslar der verdiskilnaden mellom pikselen og nabopikslane ligg mellom den nedre grenseverdien og den øvre grenseverdien vil bli spreidde.
Denne glidebrytaren bestemmer kor stor utbreiinga skal vere. Dess høgare tal dess sterkare verknad av filteret.
Du kan velje ein eller fleire utbreiingsretningingar.
Dette valet gjer at alfaverdien for pikselen blir utbreidd. Er det ikkje merka av for dette, vil pikselen få alfaverdien til nabopikslane. Dette valet er bare synleg dersom laget har alfakanal.
Dette valet gjer at fargekanalen, eller gråkanalen for gråskalabilete, blir utbreidd. Dette valet er bare synleg dersom laget har alfakanal.