Kommandoen «Forvreng» gjer omrisset av utvalet meir eller mindre ujamnt.
Ved hjelp av denne kommandoen kan du bestemme kor stor forvrenginga skal bli. Det er uråd å vite korleis resultatet blir, så her er det bare å prøve seg fram.
Ein høg grenseverdi vil gjere det forvrengte området mindre, medan ein lågare grenseverdi vil gjere utvalet større.
Dersom det gjeldande utvalet har ei regelrett form, dvs. er eit rektangel- eller ellipseutval, vil dette valet bestemme om det nye omrisset er mest på innsida eller mest på utsida av det opphavlege utvalet.
Ei høg spreiing vil auke forvrenginga.
Ei høg korning vil gjere forvrenginga større.
Ei høg utglatting vil gjere forvrenginga mindre.
Dersom Glatt ut horisontalt og Glatt ut vertikalt blir deaktiverte, vil dette auke forvrenginga.