16.14. Frost

16.14.1. Oversyn

Figur 16.372. Eksempel på bruk av filteret «Frost»

Eksempel på bruk av filteret «Frost»

Eksempel på bruk av filteret «Frost»

Eksempel på bruk av filteret «Frost»

Logoen «Frost»


Filteret, som er utvikla frå skriptet «Frost» (FilHent innLogoarFrost i biletmenyen), lager ei «frosen» skrift slik som i eksemplet ovanfor.

Dette filteret legg ein rimfrosteffekt til alfakanalen, dvs. dei områda i det aktive laget som er definerte som ugjennomsiktige. (Du kan gjerne sjå på desse områda som eit utval gjort etter kor gjennomsiktige pikslane er). Kor sterk filtereffekten blir, er avhengig av alfaverdiane.

[Notat] Notat

I motsetnad til dei fleste alfa-til-logo-filtra, vil dette filteret ikkje endre storleiken på biletet til storleiken på det aktive laget.

16.14.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoFrost.

16.14.3. Innstillingar

Figur 16.373. Innstillingane for filteret «Frost»

Innstillingane for filteret «Frost»

Effektbreidde (pikslar)

Figur 16.374. Eksempel på verknaden av «Effektbreidde»

Eksempel på verknaden av «Effektbreidde»

Effektbreidde 10

Eksempel på verknaden av «Effektbreidde»

Effektbreidde 200

Eksempel på verknaden av «Effektbreidde»

Effektbreidde 400


Bakgrunnsfarge

Dette er den fargen som blir brukt for å fylle bakgrunnslaget som filteret lagar. Normalinnstillinga er kvit, men du kan klikke på fargeknappen for å få opp fargeveljaren slik at du kan velje ein annan farge.