Filtra i denne kategorien bruker eit eit mønsterkart for å gjere endringar i eit bilete. Dette blir gjort ved å avbilde kartet i biletet på ulike måtar. Du kan mellom anna lage mange ulike 3D-effektar ved hjelp av eit mønstra kart (filteret «avbilding») eller overføre biletet til ei kule (filteret «avbild på objekt»). Det er også råd å bøye ein tekst langs ei kurve ved hjelp av filteret «forskyv» eller å bruke ein del av biletet som biletkart for ein annan del av biletet med filtra «illusjon» og «lag saumlause».