3.8. Kopier synlege

Kommandoen Kopier synlege liknar på kommandoen Kopier, men i staden for bare å kopiera det aktive laget, blir alle dei synlege laga kopierte. Altså alle laga som er avmerkte med eit «auge» i lagdialogen. Dersom biletet inneheld utval, vil bare dei valde områda bli kopierte.

[Notat] Notat

Legg merke til at informasjonen om laga blir borte når du legg kopien på utklippstavla. Når du seinare limar inn biletet, blir dette som eitt lag sett saman av alle dei synlege laga i originalen.

3.8.1. Aktivering

Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerKopier synlege.