2.16. Lukk

Menyvalet Lukk lukker det aktive biletvindauget. Kommandoen er ikkje tilgjengeleg dersom det ikkje er noko opna bilete.

Du kan ikkje angra lukkinga av eit biletvindauge. Når biletet er lukka er alt borte, også angreloggen. Dersom biletet ikkje er «reint» — altså at du har gjort endringar i biletet sidan sist du lagra det — blir du spurd om du verkeleg vil lukke biletet. Legg merke til at eit bilete kan bli markert som reint når det blir lagra til ei fil, sjølv om biletformatet ikkje tar vare på all informasjonen i biletet. Det kan difor vere lurt å tenkje seg om litt før du lukker eit bilete. Er det den minste tvil om at du kanskje vil angre lukkinga, er det lurt å først lagre fila. I GIMP-2.8 blir formatet ved lagringa alltid XCF.

2.16.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne oppføringa på biletmenyen via FilLukk

  • eller med snarvegen Ctrl+W.

  • I dei fleste operativsystema kan du også lukke biletet ved å klikke på ein «lukk»-knapp ein eller annan staden i tittellinja for biletet. Plasseringa av ein slik knapp blir bestemt av operativsystemet (OS) og korleis dette er sett opp. Er ingen bilete opna, vil eit trykk på denne knappen lukke GIMP.