Trykker du på kommandoen
, vil GIMP lukke alle opne vindauge og slutte av. Dersom det finst opne bilete det er gjort endringar i utan lagring, dvs. at dei ikkje er merka som «reine», vil GIMP gjere deg merksam på dette ved å vise ei liste over ulagra bilete. Du kan såleis velje kva bilete du ønskjer å lagra, eller rett og slett avbryta avsluttinga. Dersom du har svært mange ulagra bilete, eller du bruker mykje RAM, kan det ta litt tid før kommandoen blir utført.Du har tilgang til denne oppføringa på biletmenyen via
→eller med snarvegen Ctrl+Q. (Engelsk: Quit).
I dei fleste operativsystema kan du også lukke biletet ved å klikke på ein «lukk»-knapp ein eller annan staden i tittellinja for biletet. Plasseringa av ein slik knapp blir bestemt av operativsystemet (OS) og korleis dette er sett opp. Klikkar du på denne knappen utan at det er noko bilete i vindauget, blir GIMP avslutta.