Dette valet blei innført i GIMP-2.8.
Du kan gruppera lag som har noko felles i ei treliknande vising. Dette kan gjera det enklare å handtere lista.
Du kan opprette ei laggruppe ved å trykke på knappen
nedst i lagdialogen.Frå menyen via
→ eller frå lokalmenyen for lagdialogen.Denne tomme laggruppa dukkar opp like over det aktive laget. Det er viktig å gi gruppa eit unikt namn ved å dobbeltklikke på lagnamnet, ved å trykke F2 eller å bruke Rediger lagatributta i lokalmenyen som kjem opp når du høgreklikkar i lagdialogen. Det elles fort gjort å rote tinga til.
Du kan opprette fleire laggrupper og du kan legge laggrupper inn i andre laggrupper.
Du kan legge eksisterande lag til ei laggruppe ved å klikke og dra.
Notat | |
---|---|
Handa som representerer musepeikaren må bli mindre før du slepp museknappen. Ei tynn horisontal linje viser kvar laget vil bli plassert. |
For å legge eit nytt lag til den aktive laggruppa, klikk på knappen nedst i lagdialogvindauget, eller bruk valet i biletmenyen.
Når ei laggruppe ikkje er tom, blir dette vist med eit lite «>»-symbol. Klikk på dette for å opne eller lukke laglista.
Lag som høyrer til same laggruppa er flytt litegrann mot høgre slik at det skal bli enklare å sjå kva lag som høyrer saman.
Du kan løfte og senke laggrupper på same måten om du gjer med vanlege lag, altså ved å klikke og dra eller bruke piltastane nedst i lagdialogen.
Du kan duplisere ei laggruppe ved å klikke på knappen Dupliser lagetr i menyen som kjem fram.
nedst i lagdialogen eller ved å høgreklikke og veljeDu kan flytte ei laggruppe til eit anna bilete ved å klikke og dra.Ein annan måte er å kopiere og lime inn ved hjelp av Ctrl-C og Ctrl-V. Dette vil gi eit flytande utval som du må forankre ved å klikke på ankerknappen nedst i lagdialogen.
Du kan også flytte ei laggruppe innføre biletet. Dette vil lage ein kopi av gruppa i gruppa. Lenk saman alle laga i den kopierte laggruppa slik at du kan flytte laga samla i biletet med flytteverktøyet. Dette er ein av måtane for å lage fleire kopiar av objekt i eit bilete.
For å slette ei laggruppe gjer du gruppa til den aktive gruppa og klikkar søppeldunken nedst i lagdialogen. Du ka også høgreklikke og velje Slett laget.
Når ei laggruppe er aktiv, kan du legge ei anna laggruppe inn i denne med komandoen «Legg til nytt lag». Det ser ikkje ut til å vere andre grenser for kor mange grupper som kan leggjast til anna enn mangel på minne.
Lagmodus som blir brukt på ei laggruppe vil bli brukt på alle laga i gruppa. Lagmodus brukt over ei laggruppe, vil også bli brukt av alle laga nedanfor anten dei er med i ei laggruppe eller ikkje.
Når ei laggruppe er aktivert, vil endringar i dekkevne gjelde alle laga i gruppa.
Det er ikkje råd å legge ei lagmaske til ei laggruppe (valet er gråa ut som utilgjengeleg). Men som med vanlege lag, kan du legge til ei lagmaske til eit lag i gruppa og maskere ut deler av biletet.