3.9. Luftpensel

Figur 14.77. Symbolet for luftpenselen i verktøykassa

Symbolet for luftpenselen i verktøykassa

Luftpenselen er den digitale varianten av ulike former for luftverktøy som blir brukte for å legge farge på biletet. Dette verktøy er spesielt hendig når du skal teikne med mjuke strekar.

3.9.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaLuftpensel,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen A (for «Air»).

3.9.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Ctrla endrar luftpenselen til ein fargeplukkar.

Shift

Shift-tasten gjer at luftpenselen teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp, blir det teikna ei rett linje frå det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet. Du kan halde fram med nye klikk.

3.9.3. Innstillingar

Figur 14.78. Innstillingane for luftpenselen

Innstillingane for luftpenselen

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Modus, dekkevne, pensel, penseldynamikk, innstillingar for penseldynamikk, fade, fargeinnstillingar, sitring
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Grad

Med denne glidebrytaren kan du bestemme kor stor dysa til luftpenselen skal vere, dvs. fargemengda penselen skal gi frå seg. Dess høgare tal, dess meir farge på kortare tid. (Burde heitt «dyse», men det er ikkje avsett plass til dette i kjeldeteksten).

Trykk

Med denne glidebrytaren kan du bestemme lufttrykket, dvs. kor mykje farge penselen skal gi frå seg i kvart strøk. Dess høgare tal, dess mørkare vil kvart strøk bli.