3.12. Helbred

Figur 14.88. Verktøyet «helbred» i verktøykassa

Verktøyet «helbred» i verktøykassa

Dette verktøyet blir brukt for å utbetra småfeil i biletet, for eksempel flekker i eit portrett. Før du bruker verktøyet, må du velje ein pensel omlag like stor som feilen. Deretter Ctrl-klikk på det området du ønskjer å bruke til utbetringa. Slepp opp Ctrl-tasten og klikk på området der feilen er. Dersom feilen er liten, dvs. avvik lite frå omgivnadane, kan det vere nok å klikke ei gong. Er feilen større, kan det hende du må klikke fleire gonger, men då med fare for å smøre biletet utover.

For å bruke det finn du ein penselstorleik som er mest mogleg den same som feilen du skal rette opp. Ctrl-klikk deretter på det området som du ønkjer å kopiere frå. Slepp opp Ctrl-tasten og flytt peikaren til feilen og klikk. Er feilen liten, kan det vere nok med eitt klikk, elles kan du prøve fleire klikk. Ver litt varsam, mange klikk på same staden har lett for å grumse til biletet.

3.12.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten frå

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaHelbred,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen H.

3.12.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Ctrl-tasten blir brukt for å markere kva område verktøyet skal hente biletdata frå. Hald nede Ctrl-tasten medan du klikkar i det aktive biletlaget der du vil hente data frå. Du kan bruke data frå kva biletlag eller bilete som helst. Kva for eit lag som er aktivt kan du sjå i lagdialogen. Biletdata frå det punktet du klikka på bli brukte når du byrjar å helbrede biletet. Når du held nede Ctrl-tasten vil markøren syne dette ved å vise eit kryss.

Shift

Dersom du trykker denne tasten, vil du sjå ein tynn strek mellom det punktet du sist klikka på som kjeldeområde og til musepeikaren. Dersom du klikkar igjen, medan du held nede Shift-tasten, vil verktøyet «helbrede» langs denne linja.

3.12.3. Innstillingar

Figur 14.89. Innstillingane for verktøyet «helbred»

Innstillingane for verktøyet «helbred»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Modus, dekkevne, pensel, penseldynamikk, innstillingar for penseldynamikk, sitring,mjukare strok, hard kant
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Flett synlege

Dersom denne er aktivert, vil verktøyet hente data frå alle synleg laga i biletet, ikkje berre frå det aktive laget.

Innretting

Denne innstillinga er omtalt underkloneverktøyet.

3.12.4. Helbreding er ikkje kloning

Sjølv om helbredverktøyet har mange brukseigenskapar felles med kloneverktøya, er resultatet heilt anleis.

Figur 14.90. Ei samanlikning mellom «Helbred» og «Kloning»

Ei samanlikning mellom «Helbred» og «Kloning»

To svarte prikkar i det raude området er forstørra 800 gonger. Kjelda er der dei fire fargane møtest. Den venstre prikken er klona, den høgre er helbreda.