3.6. Blyant

Figur 14.70. Symbolet for «blyanten» i verktøykassa

Symbolet for «blyanten» i verktøykassa

Blyanten blir brukt når du skal teikne på frihand med klar avgrensa strek. Verktøyet liknar nokså mykje på målarpenselen, men gir alltid ein strek med skarpe, harde kantar sjølv om du nyttar diffuse penslar.

Dette kan vere nyttig når du arbeider med svært små bilete som t.d. ikon, eller med store forstørringar av eit bilete, og ønskjer kontroll på kvar einaste piksel slik at alle endringar blir eksakt slik du ønskjer det.

[Tips] Tips

Skal du teikna rette linjer med blyanten, eller ein del av dei andre teikneverktøya, klikk på startpunktet, trykk deretter på, og hald nede Shift-tasten og klikk på sluttpunktet.

3.6.1. Aktivering

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyBlyant,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen N.

3.6.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Hald denne tasten nede for å gjere blyanten om til ein fargeplukkar.

Shift

Gjer at blyanten teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar med venstre museknapp vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet.

3.6.3. Innstillingar

Figur 14.71. Innstillingane for «penselverktøyet»

Innstillingane for «penselverktøyet»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Modus, dekkevne, pensel, penseldynamikk, innstillingar for penseldynamikk, sitring, mjukare strok, aukande
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.