4.8. Perspektiv

Figur 14.131. Symbolet for «perspektivverktøyet» i verktøykassa

Symbolet for «perspektivverktøyet» i verktøykassa

Dette verktøyet blir brukt for å endre perspektivet for det aktive laget, det aktive utvalet eller for ein bane. Avhengig av kva type førehandsvising du har vald, vil det dukke opp ei ramme rundt, eller eit rutenett over laget eller utvalet når du klikkar på det. I kvart hjørne av ramma eller rutenettet finn du eit handtak forma som eit lite kvadrat som du kan klikke-og-dra rundt for å forandra perspektivet. I midten av elementet finn fu eit lite punkt som du kan ta tak i for å flytte heile elementet. Når du bruker verktøyet, vil det kome opp eit informasjonsvindauge med opplysningar om innstillingane du gjer.

[Notat] Notat

Verktøyet følgjer ikkje heilt reglane for å lage perspektiv, så kanskje hadde det vore rettare å kalle det eit «forvrengningsverktøy».

4.8.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaPerspektiv,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastatursnarvegen Shift + P.

4.8.2. Innstillingar

Figur 14.132. Innstillingane for «perspektivverktøyet»

Innstillingane for «perspektivverktøyet»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Transformer, interpolasjon, retning, klipping, førehandsvising, inndelingslinjer

4.8.3. Informasjonsvindauget for perspektivtransformeringa

Figur 14.133. Informasjonsvindauget for «perspektivverktøyet»

Informasjonsvindauget for «perspektivverktøyet»

Matrise

Informasjonsvindauget viser ei matematisk framstilling av perspektivtransformeringa. Du kan finne meir informasjon (på engelsk) om transformeringsmatrisene på Wikipedia.