4.5. Rotér

Figur 14.120. Symbolet for «roterverktøyet» i verktøykassa

Symbolet for «roterverktøyet» i verktøykassa

4.5.1. Oversyn

Roteringsverktøyet blir brukt til å rotere det aktive laget, det aktive utvalet eller den aktive banen. Når du klikkar på biletet eller utvalet, blir det lagt eit rutenett eller ei ramme over biletet og det kjem opp eit dialogvindauge med informasjon om roteringa. I dette vindauget kan du bestemme rotasjonsaksen, markert med eit punkt, og rotasjonsvinkelen. Du kan gjere det same ved å klikke-og-dra musepeikaren på biletet eller i rotasjonspunktet.

4.5.2. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaRoter,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastatursnarvegen Shift + R.

4.5.3. Valtastane (normalinnstillinga)

Ctrl

Hald nede Ctrl-tasten for å avgrensa rotasjonsvinklane til multiplar av 15˚.

4.5.4. Innstillingar

Figur 14.121. Innstillingane for «roterverktøyet»

Innstillingane for «roterverktøyet»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Transformer, interpolasjon, klipping, førehandsvising, inndelingslinjer
Retning

Her bestemmer du kva retning laget skal roterast. Retninga Framover (normal) vil rotere laget slik du reknar med at det skal skje. Set du roteringa til 10° mot høgre, vil du ende opp med at laget blir rotert 10° mot høgre.

Bakover (korrigerande) er litt verre å forstå. Dersom biletet er 13° skeivt, treng du ikkje rotere biletet til denne vinkelen. I staden innretter du rutenettet slik at rutene er visuelt parallelle med det skeive biletet. Er t.d. flagstanga skeiv, innretter du rutenettet parallelt med stanga. Når du trykker knappen Roter i infovindauget, vil biletet bli rotert slik at flagstanga blir loddrett. Dette verktøyet er mest brukt nettopp til å rette opp skeive foto.

Avgrensingar

15˚(Ctrl) vil avgrense rotasjonen til vinklar som er multiplar av 15˚.

4.5.5. Infovindauget

Figur 14.122. Innformasjonsvindauget for «rotérverktøyet»

Innformasjonsvindauget for «rotérverktøyet»

Vinkel

Her kan du setje rotasjonsvinkelen frå -180° til +180°. Totalt kan du altså rotere biletet 360°.

Senter X/Y

Her kan du skrive inn koordinata for rotasjonssenteret. Dette senteret blir vist som ein kross inne i ein sirkel. Du kan også flytte senteret ved å klikke-og-dra i dette punktet. Skulle du ha behov for andre måleeiningar enn piksel, kan du velje dette i nedtrekkslista.

Figur 14.123. Rotasjonssenteret

Rotasjonssenteret

Laget rotert rundt eit dreiepunkt utanom biletet


[Notat] Notat

Du kan også rotere laga med kommandoen LagTransformerVald rotasjon