3.15. Gni ut

Figur 14.96. Symbolet for «gni ut» i verktøykassa

Symbolet for «gni ut» i verktøykassa

Dette verktøyet bruker den aktive penselen for å gni fargane utover i det aktive laget eller i det aktive utvalet. Verktøyet plukker opp farge undervegs og blandar denne med den neste fargen det møter. Du kan bestemme kor sterk utsmøringa skal vere.

3.15.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaGni ut,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen S.

3.15.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Shift

Shift-tasten gjer at utglattingsverktøyet teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp, blir det teikna ei rett linje. Klikkar du fleire gonger, skjer utglattinga i rette linjer frå sluttpunktet til den førre linja.

Ctrl

Tastekombinasjonen Ctrl + Shift gjer at verktøyet teiknar i vinklar delelege med 15°. (15°, 30° osv.)

3.15.3. Innstillingar

Figur 14.97. Innstillingane for verktøyet «gni ut»

Innstillingane for verktøyet «gni ut»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Dekkevne, pensel, penseldynamikk, innstillingar for penseldynamikk, fade, sitring, hard kant, grad
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.