3.3. Teikneverktøya (blyanten, målarpenselen og luftpenselen)

Figur 14.58. Eksempel på penselstrøk

Eksempel på penselstrøk

Den runde, diffuse diffuse penselen som er vist oppe til venstre er brukt på desse tre strøka. Frå venstre: blyant, målarpensel og luftpensel.


Verktøya i denne gruppa er dei grunnleggande teikneverktøya i GIMP. Mange av fellestrekka for desse verktøya blir omtalte i dette kapitlet. Eigenskapar som er felles for alle teikneverktøya er omtalte i kapitlet felles eigenskapar. Innstillingar som er spesifikke for eit bestemt verktøy, er omtalte i beskrivinga av det aktuelle verktøyet.

Det råaste verktøyet i denne gruppa er blyanten. Han teiknar ein hard strek med skarpt skilje mellom farga og ufarga område. Målarpenselen er noe meir diffus i strøket, og er den mest brukte av desse tre. Luftpenselen er den einaste av desse der fargemengda som blir avgitt er avhengig av penselrørsla. Dette er gjer at han kanskje den av dei tre som er vanskelegast å bruka.

Alle desse verktøya deler dei same penslane (spissane) og bruker dei same måtane for å velje farge. Dei kan hente farge anten frå ein palett, eit fargekart, eller frå ein fargeovergang. Dessutan kan alle bruke mange ulike måtar for fargeblanding, såkalla modus.

3.3.1. Valtastar

Ctrl

Held du nede Ctrl-tasten, blir verktøyet omdanna til ein fargeplukkar slik at du kan hente forgrunnsfarge, den som blir vist i fargeområdet i verktøykassa, ved å klikka på eit biletpunkt.

Shift

Denne tasten gjer at verktøyet teiknar i rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp blir det teikna ei rett linje. Klikkar du fleire gonger, vil dette resultere i ei rett linje frå slutten av førre linja.