4.5. Å beskjere eit bilete

Figur 3.27. Eksempel på beskjering

Eksempel på beskjering

Originalbiletet

Eksempel på beskjering

Etter beskjeringa


Det kan vere mange grunnar for å beskjere eit bilete. Kanskje ønskjer du at biletet skal fylle ei ramme eller du føler for å fjerne ein ubrukbar bakgrunn for å markera hovudmotivet betre. Du kan aktivere beskjeringsverktøyet ved anten å klikke på symbolet i verktøykassa (den enklaste måten) eller frå menyen VerktøyTransformeringsverktøyaBeskjer. Når beskjeringsverktøyet er aktivt, vil markøren forandra seg, og du kan klikke på eit vald startpunkt og dra eit rektangel ut på biletet så lenge du held museknappen nede.

Figur 3.28. Marker området som skal beskjerast

Marker området som skal beskjerast

Klikk på eitt av hjørna i klippeområdet og dra musepeikaren for å få fram beskjeringsrektangelet. Skulle du ha vore litt unøyaktig, kan du finjustere seinare.

Figur 3.29. Innstillingane for beskjeringsverktøyet

Innstillingane for beskjeringsverktøyet
Innstillingane for beskjeringsverktøyet

Når klikk og dra er urført, blir eit rektangel med spesielle område synleg på biletet. Når du flytter markøren over dei spesielle områda, endrar han utsjånad. Du kan nå dra i hjørna eller kantane på rektangelet for å endra storleiken på rektangelet. Som vist i biletet over, blir storleiken og sideforholdet for rektangelet vist på statuslinja. Dobbeltklikk inne i rektangelet eller trykk Enter for å fullføre beskjeringa. Du finn meir om beskjering i Del 4.4, “Beskjering”.

Dersom du ønskjer å beskjere biletet i eit bestemt sideforhold, som for eksempel eit rektangel, sjå etter at innstillingane for verktøyet er synlege ( VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar). I verktøyinnstillingane for rektangelutvalet skal det i ruta etter «Fast» stå «Sideforhold». Du kan nå skrive inn sideforholdet i ruta nedanfor. For eksempel «1:1» for å lage kvadrat.

Det er også val for å endra klippinga frå liggjande til ståande. Etter at du har sett sideforholdet, dra i eitt av hjørna i beskjeringsrektangelet for å oppdatere det. Rektangelet vil endra seg til det valde sideforholdet, som vil vere konstant sjølv når du endrar eller flytter rektangelet.