Når du har bruk for at personen på biletet skal sjå den andre vegen, eller at toppen av biletet skal vere botnen, då spegelvender du biletet. Bruk menyen i verktøykassa og klikk deretter inne i biletet. Du kan velje mellom å spegelvende vassrett eller loddrett.
→ → , eller enklare: klikk på ikonetNår du har markert for spegelvendinga i verktøykassa, klikk inne i biletet. Biletet blir nå spegelvendt vassrett. I verktøyinnstillingane kan du velje om verktøyet skal spegelvende vassrett eller loddrett. Dersom innstillingane ikkje er synlege under verktøykassa, dobbeltklikk på verktøysymbolet. Du kan også bruke tasten Ctrl for å veksle mellom dei to retningane.
Biletet nedanfor viser alle moglege former for spegelvendingar: