4.3. Å forandra storleiken på utskrifta

Som nemnd tidlegare, har pikslane ikkje nokon bestemt storleik. Når biletet skal skrivast ut på papir, må GIMP vite kor stor kvar piksel er. Det er nettopp dette innstillinga vi kallar «oppløysing» blir brukt til, nemleg å definere forholdet mellom pikslar og ei reell måleeining. Som oftast er det engelske tommar (inches) som blir brukte som den faste måleeininga.

Normalt blir dei fleste bilete opna med ei oppløysing på 72. Talet er vald fordi 72 var den normale skjermoppløysinga den gongen normen blei sett. (I dag bruker vel dei fleste skjermane ei oppløysing på 96 ppi). Talet betyr at det går 72 pikslar på ein tomme. I utskrift vil dette normalt gi nokså store papirutskrifter med synlege pikslar. Til vanleg ønskjer vi mindre utskriftformat utan synlege pikslar, og må såleis kunne fortelje GIMP kor brei og høg vi ønskjer utskrifta.

For å forandre utskriftstorleiken går du inn på BileteUtskriftformat for å opna dialogvindauget for utskriftstorleiken. Vel ei måleeining du er van med, for eksempel centimeter. Skriv inn anten breidde eller høgde for biletet og la GIMP gjere resten. Det neste steget er å sjå etter kva oppløysing biletet har. Er oppløysinga 300 pikslar per tomme (ppi) eller høgare, vil utskriftkvaliteten bli svært god utan synlege pikslar. Er oppløysinga mellom 200 og 150 ppi vil pikslane bli litt synlege men ikkje skjenerande så lenge biletet ikkje blir studert alt for nøye. Verdiar under 100 ppi vil gi bilete med godt synlege pikslar. Denne utskriftkvaliteten bør berre brukast for utskrifter der ein ønskjer denne effekten, eller utskrifter som skal sjåast på lang avstand, som t.d. skilt eller store plakatar.

Figur 3.20. Dialogvindauget for å setje utskriftstorleiken

Dialogvindauget for å setje utskriftstorleiken