3.4. Å bruke programtillegg

Med unnatak for XCF-filene bruker GIMP programtillegg («plugins») for å hente og å lagre biletfiler. Desse programtillegga bruker eksterne bibliotek eller program. For eksempel så har GIMP ikkje støtte for PostScript direkte, men bruker det kraftige gratisprogrammet Ghostscript for å lese frå og skrive til PostScript-filer med filutvidinga .ps eller .eps.

3.4.1. Å installere Ghostscript

Dei fleste Linuxdistribusjonane blir leverte med Ghostscript ferdiginstallert, om enn ikkje alltid siste versjon. I andre operativsystem må du som oftast installere programmet sjølv. I Windows kan du gjere det slik:

  • Gå til prosjektsida for Ghostscript på Sourceforge [GHOSTSCRIPT].

  • Sjå etter pakka gnu-gs eller ghostscript (for non-commercial use only) og vidare til nedlastinga.

  • Last ned ein av dei ferdiglaga Windowsdistribusjonane som f. eks. gs650w32.exe eller gs700w32.exe.

  • Opna fila og følgj instruksjonane i installeringsprosedyren.

  • Sett GS_PROG omgivnadsvariabelen til det fulle filnamnet til «gswin32c binary» (t.d. C:\gs\gsX.YY\bin\gswin32c.exe).).

Du skal nå vere i stand til å lese PostScript-filer i GIMP. Sidan programmet oppretter postar i registeret med adressene til Ghostscript sine bibliotek, må du ikkje flytte Ghostscriptkatalogen etter at programmet er installert. (Denne instruksjonen er henta frå http://www.kirchgessner.net.)