Nå som vi veit at alle utsegner i Scheme er omslutta av parentesar og at alle funksjons- og operatornamna kjem først i lista, er vi klare for å sjå på korleis vi kan lage og bruke variablar og funksjonar. Vi byrjar med variablane.
Den vanlegaste måten å deklarera variablar på, er ved hjelp av konstruktøren let*. (I andre språk vil dette vere ekvivalenten til å definera ei liste eller ein tabell med lokale variablar og områda dei kan nyttast i). Som eit eksempel kan vi definera to variablar, a og b, og tilordna dei verdiane 1 og 2. Å «tilordna» vil seia å bestemme kva verdi variabelen skal ha. a blir tilordna 1, dvs. blir gitt verdiinnhaldet 1. («a = 1»). Dette kan vi skrive slik:
(let* ( (a 1) (b 2) ) (+ a b) )
eller på ei linje:
(let* ( (a 1) (b 2) ) (+ a b) )
Notat | |
---|---|
Når du bruker konsollvindauget, er du nøydd til å skriva alt på ei linje. Elles kan du nytta den metoden du meiner gir best oversyn over programmet. Meir om dette i under «blankteikn». |
Dette deklarerar to lokale variablar, a og b, legg verdiar i variablane, her a = 1 og b = 2, og skriv ut summen av dei: 3.
Du la kanskje merke til at vi skreiv addisjonen (+ a b)
innføre parentesane til let*
-uttrykket, og ikkje etter.
Dette er fordi utrykket let*
definerer området i skriptet der desse variablane er gyldige, altså der dei kan brukast. Prøver du å skriva uttrykket (+ a b)
etter uttrykket (let* …)
, vil du få ei feilmelding. Dei deklarerte variablane er berre gyldige innføre det uttrykket dei er definerte inni. Dei er det programmerarane kallar lokale variablar.
(Syntaks = skrivemåte) Den vanlege forma for eit let*
-utsegn er:
(let* (variables
)expressions
)
der variablane er deklarerte innføre parentesar, t.d. (let* …)
, og uttrykka er eit gyldig uttrykk i Scheme. Hugs at variablane som blir definerte her er lokale variablar, og såleis ikkje gyldige utføre let*
-uttrykket.
Tidlegare har vi nemnd at det er mogleg å bruke mellomrom og innrykk for å gjere programmet tydelegare, dvs. lettare å lesa. Dette er ein god vane å ta med seg, og er ikkje noko problem i Scheme. Du kan altså setje inn blankteikn så mykje du ønskjer. (Blankteikn er heilt alminnelege mellomrom som ikkje trengst i programmet, men blir sett inn for å gjere det enklare for oss å lesa kva som står på skjermen). Dersom du arbeider i konsollvindauget for Script-Fu må du skrive inn heile uttrykket i ei linje. Alt mellom opnings- og lukkingsparentesen må vere på ei linje.
Det er ofte behov for å endre innhaldet i ein variabel. Dette kan gjerast med kommandoen set!
. Eit eksempel:
(let* ( (theNum 10) ) (set! theNum (+ theNum theNum)) )
Prøv å finna ut kva uttrykket gjer, og skriv det etterpå inn i konsollvindauget.
Notat | |
---|---|
Bakoverstrekane « |
Når du nå har fått taket på dette med variablar, er det på tide å gå vidare med funksjonar. Alle funksjonar blir definerte etter dette mønsteret:
(define (name
param-list
)expressions
)
der namn
er namnet på funksjonen, parameterliste
er ei liste med parameternamn skilde med mellomrom, og uttrykk
er ein serie med uttrykk som funksjonen utførar når han blir kalla opp. «define» er eit ord som fortel Scheme at nå skal det definerast ein funksjon. Eksempel:
(define (AddXY inX inY) (+ inX inY) )
AddXY
er funksjonsnamnet og inX
og inY
er variablane. Denne funksjonen adderer verdiane som blir lagt i dei to parametra.
Dersom du er van med andre programmeringsspråk som C/C++, Java, Pascal og liknande, kan det vere du saknar eit par ting i denne definisjonen:
Legg merke til at parametra er ikkje definerte med «type». Dei er altså ikkje definerte som type «type string», «type integer» osv. Scheme er eit typelaust språk. Dette gjer det litt raskare å skrive skripta.
Du treng heller ikkje bekymra deg om korleis funksjonen skal returnere resultatet. Funksjonen sender tilbake verdien av det siste uttrykket. Skriv funksjonen ovanfor inn på konsollen og prøv ut dette, eller noko liknande:
(AddXY (AddXY 5 6) 4)