4.20. Lupeeffekt

4.20.1. Oversyn

Figur 17.89. Det same biletet før og etter bruk av lupe.

Det same biletet før og etter bruk av lupe.

Originalbiletet

Det same biletet før og etter bruk av lupe.

Eksempel på bruk av filteret «lupeeffekt»


Dette filteret gjer at ein del av biletet ser ut som det er sett gjennom ei sfærisk linse.

4.20.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeLupeeffekt

4.20.3. Innstillingar

Figur 17.90. Innstillingane for filteret «Lupeeffekt»

Innstillingane for filteret «Lupeeffekt»

Førehandsvising

Dersom denne er avkryssa, vil endringane bli viste i førehandsvisinga. Du kan flytte rundt i biletet ved hjelp av rullefelta.

Behald originalomgivnadane

Lupa ser ut til å verka berre på det aktive laget.

Sett omgivnadane til bakgrunnsfargen

Den delen av det aktive laget som ligg utanom lupa vil få bakgrunnsfargen frå verktøykassa.

Gjer omgivnadane gjennomsiktige

Den delen av det aktive laget som er utanfor lupa vil bli gjennomsiktig. Dette valet er berre synleg dersom det gjeldande laget har alfakanal.

Brytningsindeks for linsa

Gjer linsa meir eller mindre konkav. Skala 1,0 - 100,0.