Dette filteret blir brukt til å lage ulike former for teksturar som kan likne dei som oppstår ved såkalla diffraksjon, dvs. avbøyingar av lysstrålar. Du kan endre frekvens, kontur og skarpe kantar for kvar av RGB-kanalane. Dessutan kan du bestemme lysstyrke, spreiing og polarisasjon for teksturen. Unntatt når du opnar filteret, er det ikkje automatisk førehandsvising, så du må trykke knappen når du ønskjer å sjå resultatet av innstillingane dine. Dette er gjort slik fordi filteret bruker lang tid på utrekningane.
Filteret kan vere nyttig når du ønskjer å lage intrikate mønster. Det er perfekt for å lage psykedeliske, batikkliknande mønster eller for å imitere mønster i glassmaleri t.d. i kyrkjevindauge.
Det ser ut til at filteret simulerer fenomenet som oppstår når lys blir brote ved å treffa, eller passera, ein skarp kant. Diverre er dette filteret så dårleg dokumentert av utviklaren at det er uråd å gi nærare forklaringar på dei ulike innstillingane. Du må rett og slett prøve deg fram. Heldigvis er filteret så allsidig at omtrent uansett kva innstillingar du bruker vil resultatet bli interessant.